12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

likevektssansen. Steiner-pedagogikken legg vekt på å utvikle dei naturlege lystene hos barnet

til ein læreprosess der heile barnet er med, og slik skape interesse for læring.

Korleis påverkar dette formidlinga av lærestoffet?

Fri stoff formidling pregar undervisninga, og den har ofte form som ei forteljing som skapar

indre bilete. I læreplanen står det skrive at Rudolf Steiner let seg påverke av den tyske

filosofen Friedrich Schiller sine tankar om den estetiske oppdraginga då han meinte at hans

omgrepsdanningar var svært fruktbare for pedagogikken. 82 Det lærande menneske står i følje

Schiller i ei spenning mellom stoffdrift og formdrift (innhald og førestillingar/ omgrep).

Steiner-pedagogikken formulerar at omgrepa har ein tendens til å råde i skulen og det fører til

mykje faktaformidling og lite liv i undervisninga. 83 Det vil seie at intellektet først og fremst

vert stimulert på skulen. Schillers radikale tanke er at motsetninga mellom dei ufrie stoff- og

formdrifter finner sin syntese på eit høgre plan i leiken. Leiken er nemleg også ei drift og den

har ein heilt anna fridom i seg. Det leikande menneske utviklar alle sider ved seg sjølv, det

leikande menneske er ein kunstnar. 84 Schiller kan plasserast innanfor den romantiske

tradisjonen som pregar mykje av 1800 talets tenking og filosofi. Dette tankemønsteret står

som ein motsetnad til dei rådande tankane innan opplysningsfilosofien, der vitskapen stod i

sentrum. 85 Steiner-skulen er altså påverka av eit romantisk lærdomsyn og det er

utgangspunktet for at dei omtalar læring som ein kunstnarisk prosess. Med forteljarstoffet som

utgangspunkt tilnærmar barna seg lærdom gjennom teikning, måling, modellering, rørsle,

samtale eller skrive ein tekst. På denne måten får det indre bilete som elevane skaper i

hovudet sitt leve vidare og får eit nytt uttrykk.

Steiner-skulens undervisningsmetodar – ein liten presentasjon

Steiner-skulen har noko dei kallar for hovudfagstimen, og denne timen er lagt til dei første

timane på dagen og varer i ca 100 – 120 minutt. Dei har ein filosofi om at ei så lang

arbeidsøkt krev variasjon, og timen er difor delt i tre. Den første delen er ein rytmisk del med

ulike vers, regler, songar, leikar og instrument. Deretter føljer ein samtale om gårsdagens

forteljarstoff og elevane vert oppfordra til arbeide vidare med stoffet gjennom kunstnarisk

verksemd som teikning, måling, skriving osv. Del tre er via til nytt stoff, forteljinga frå

gårsdagen går vidare eller læraren vel å gå over til eit nytt tema. Læreplanen formulerar at

82 Læreplan for steinerskolen 1992 s. 5

83 Læreplan for steinerskolen 1992 s. 5

84 Læreplan for steinerskolen 1992 s. 5

85 Matthew Craske. Art in Europe 1700-1830 (Oxford university press 1997) s. 40

49

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!