12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

har innslag av rektangulære vindaugsflater (fig.38). Ut i frå dette kan vi altså oppfatte ein

kombinasjon av ein asymmetrisk midtdel som vert avløyst av symmetri på kvar side.

Trekonstruksjonen kviler på ein grunnmur i ubehandla betong. Element av grå stein vert tatt

opp att i dei runde taksteinane som dekker det bølgjeforma taket som pregar bygget.

Arkitekten kan fortelje at denne skiferen er samla inn både frå Rogaland og Hordaland.

Materialvalet gjev oss assosiasjonar til naturen og understrekar at bygget har fått ein organisk

utforming. Dei ulike modulane ser ut til å fungere som individuelle einingar samtidig som dei

veks saman til eit heilskapleg anlegg. Dei

estetiske verkemiddela ser ut til å vere nøye

gjennomtenkt. Formspråket fortel oss at vi

står ovanfor ein kupert bygningskropp som

gjev inntrykk av ei dynamisk rørsle (fig.39).

Samtidig opplever vi ro og symmetri då dei

konkave og konvekse formene vert repetert

som gjentakande element i bygningsmassen.

Fig. 39 – Avrunda former avsluttar arkitekturen

Tharaldsen uttalar i ein artikkel frå 1984, publisert på heimesida, at han etterlyser ein ny

syntese som kombinerer fantasi og orden 52 . Kanskje vi her ser eit døme på korleis han prøver

å sameine dei to elementa. Formene leikar med kvarandre, men gjev også inntrykk av orden

og harmoni. Arkitekten uttrykker vidare at bygningane skal settast saman av naturlege

materiale og verke etter naturens prinsipp med ei organisk form.

Forbildene var Gaudi, Sullivan og Steiner. Hos Sullivan fant vi slagordet: funksjonen forårsaker

formen, et ideal som også stammet fra naturen. Han hadde studert hvordan levende vekster fikk formene

sine fra noe han mente var typisk for hver enkelt av dem. Det var det han kalte for funksjonen. En eik

for eksempel, uttrykte funksjonen eik. En skole i Sullivans ånd skulle dermed uttrykke funksjonen

skole. 53

Intensjonen er med andre ord klar på at arkitekturen har som mål å framstå naturleg og

organisk der form er underlagt funksjon. Og då kan det vere interessant å sjå vidare til byggets

funksjon, nemleg undervisningsromma i skulens interiør.

Interiørets praktiske funksjon

52 www.husweb.no (lasta ned 10.02.2009)

53 www.husweb (lasta ned 10.02.2009)

34

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!