12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

sameinar kultur og individ og til slutt ein pedagogikk for dei underprivilegerte. 66 Den

kunnskapssentrerte handlar om at skulen skal formidle mest mogleg kunnskap, og den vert

også kalla formidlingspedagogikk. Motpolen til denne finn vi i den barnesentrerte der omsyn

til barnet står sterkt. Her vert det meir viktig å lytte til barnets interesser når undervisninga

skal utformast. Vi har også ein læringsteori der samspel mellom kultur og individ vert

framheva, og den skal på mange måtar sameine dei to fyste. Til slutt har vi ein mindre utbredt

pedagogikk som skal tene interessa til dei underprivilegerte i samfunnet som også har ein

uttalt politisk målsetting. Denne oppgåva vil i hovudsak fokusere på den kunnskapssentrerte

og barnesentrerte samt aktivitetspedagogikken som veks fram på 1900 talet, då desse teoriane

er representert i norsk skule. Steiner-skulens antroposofiske pedagogiske grunnlag vil også

vere ein del av framstillinga då denne pedagogikken er relevant å sjå i høve Steiner-skulens

arkitektur, og på same tide vise den pedagogiske bredda som utfaldar seg i Noreg. Dei ulike

pedagogiske ståstadane kan også gje ein innfallsvinkel til å drøfte og samanlikne dei to

skulesystema i høve skulearkitekturen.

Formidlingspedagogikk

Formidlingspedagogikken har sitt utspring frå den tyske tradisjonen der opplysningsfilosofien

og nyhumanisme råda mykje av tankegodset. Tanken bak denne teorien er at elevane skal

tileigne seg så mykje som mogleg av fagstoff eller kulturstoff. For å oppnå dette vert det

viktig å fylje nøye oppsette planar for kva som skal undervisast og når det skal skje. Dette er

ein pedagogikk som aktiviserar læraren då han/ho formidlar fagstoffet, medan elevane vert

passive mottakarar som vert fylt opp med kunnskap utanfrå. Blant pedagogar i dag har denne

pedagogikken ofte fått merkelappen ”flaskepåfyllingspedagogikk” då den vert samanlikna

med ei tom flaske som skal fyllast opp med stoff utanfrå. 67 Elliet Eisner markerar ei slik

oppfatning av undervisning som ”akademisk rasjonalisme”. Det vert viktig å fostre

intellektuell vekst via det fagstoffet som blir sett på som mest verdifullt. 68 Filosofar og

skulereformatorar har heilt sidan reformasjonen vore med å skape ei pedagogisk tenking med

tyngdepunkt på formidling av kunnskap og vekt på systematisk, nesten regelbunde

undervisningsmetodikk. Johann Friedrich Harbart (1776-1841) var sentral innan pedagogisk

tenking under opplysningstida i Tyskland. Hans tankar er i slekt med opplysningstidas

rasjonalisme, og pedagogikken var prega av det nøkterne, vitskaplege og systematikk. Han

66 Imsen (2003) s. 54

67 Imsen (2003) s. 54

68 Imsen (2003) s. 55

44

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!