12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Arkitektoniske formspråk

Planteikninga viser ei samanhengande U form som sluttar seg om ein open skulegard i midten

(fig.6). Klasseromma er organisert i rader som vender inn mot ein brei korridor. Planen er

symmetrisk og stramt oppbygd og dette inntrykket vert vidareført i den arkitektoniske

utforminga; Skulebygget reiser seg majestetisk

opp frå ei høgde. Fasaden er symmetrisk oppbygd

der midtdelen er markert med eit mindre karnapp

medan to trekanta former avsluttar arkitekturen i

kvar ende (fig.5). Plassering av vindauga markere

etasjane og er organisert i eit repeterande mønster

på linje ovanfor kvarandre. Formene står fram

som geometriske der dei rette linjene og ein noko

massiv bygningsmasse dominerar. Fig. 6 – Planteikning Rothaugen

Anlegget er kledd i pussa mur, noko som gjev bygget ei jamn og stram overflate. I skulens

strenge og symmetriske formspråk finn ein klare referansar til det klassiske uttrykket frå

antikken og renessansen, men som også prega mykje av 1700-1800 talets arkitektur. Den

klassiske symmetrien, repeterande rytme og eit stramt og enkelt formspråk er arkitektoniske

element som Kasper Hassel har vidareført frå denne tradisjonen og inkludert i skulebygget.

Dei typiske ståande rektangulære vindauga og ein horisontal og vertikal orientering gjev også

klare assosiasjonar til klassisismen. 21 Fig. 8 - utsnitt av karnapp

Fig. 7 - Fasade

21 Brekke, Nordhagen og Lexau. Norsk arkitekturhistorie. Frå steinalder og bronsealder til det 21. århundret

(Det norske samlaget, Oslo 2003) s. 236-241

14

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!