12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Elevaktivitet og mindre formidlingsstyrt undervisning utmerkar seg som sentrale metodar i

elevanes skulekvardag.

Steiner-skulen fyl på mange måtar dei same prinsippa som

ein finn innan laboratorieskulane, men likevel skil den seg frå

dei andre skulebygga både i innhald og form. Denne private

skulen har sin eigen læreplan og undervisninga bygger på

andre prinsipp enn det ein finn innanfor grunnskulen. Eg har

difor valt å studere samhandling mellom arkitekturens form

og praktisk funksjon i eit avsnitt for seg sjølv før eg kan

samanlikne og drøfte desse observasjonane med samspelet

mellom form og funksjon innan de offentlege skulen. Fig. 73 - Elevaktivitet ved Apeltun skule

Antroposofien som retningsgjevande faktor i utforminga av skuleinteriøret

Med sin eigen læreplan, andre tilnærmingsmåtar til lærestoffet og spesifikke retningslinjer for

skulens arkitektur kan ein oppfatte at Steiner-skulen står i ei særstilling i norsk skule. Dette

kjem også til uttrykk i arkitekturens formspråk. Interiøret kan karakteriserast som variert der

undervisningsromma har ulike uttrykk, og ein finn klasserom tilpassa dei ulike alderstrinna.

Fig. 74 - Klasserom for dei små Fig. 75 - Klasserom for større elevar

Dei små borna har eit noko lukka klasserom med varme fargetonar (fig.74). Dei eldre elevane

oppheld seg i eit meir ope rom der lyset dominerar saman med den kjølege delen av

fargeskalaen (fig.75). I Dagbladets magasin (5.mars 2006) kan ein lese om grunngjeving av

fargar og former, og få inntrykk av dei medvitne vala frå arkitektens side. Han fortel at

bygningen skal gjenspegle behovet som dei små har for tryggleik, difor treng dei eit rom som

81

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!