12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

skepsis til skulebygg med opa romløysing. 184 Grunnen er i fyste rekke det uromomentet ei slik

løysing framkallar med eit stort elevtal samla på ein stad, meir støy og dårlegare

konsentrasjon. Eit forskingsprosjekt gjennomført av SINTEF byggforsk har teke tak i denne

problemstillinga for å finne svar på om det faktisk er meir støy og uro ved baseskular.

Prosjektet avslører at det ikkje er merkbart meir støy på ein open skule, men påpeiker også at

det er meir behov for strengare disiplin, rutine og system for å organisere undervisninga på

ein god måte, og tilpasse læringsaktivitetane i høve rommets planløysing og eigenskap. 185 Det

kjem også fram at skular med dei største og mest opne lokala opplever meir uro og

konsentrasjonsproblem p.g.a gjennomgangstrafikk, eit stort rom der lyden forsvinn og blanda

undervisningsaktivitet i ein og same base. Haldninga til baseskular er generelt positiv frå både

elevar og lærarar. Men lærarane påpeikar at ei god og egna utforming og planløysing er ein

viktig suksessfaktor. 186 Fleksibilitet er også eit element som brukarane framhevar som

forbetringspotensiale. 187 Endringane i skulearkitekturen kan difor også forklarast ut i frå at

brukarane og arkitektane lærer av dei erfaringane som vert gjort i praksis, og slik finn fram til

løysingar som kan fungere betre. I den samanheng kan det vere interessant å sjå nærare på kva

faktorar som er viktige når ein skal skape eit skulebygg og prosessen fram til eit ferdig anlegg.

Eit skulebygg tek form – skapeprosessen og dei arkitektoniske detaljane

Planleggingsprosessen og dialogen mellom brukarane og arkitekt vert eit viktig moment for å

finne ut kva omsyn som vert teke i høve samspel mellom arkitektur og pedagogikk. Gro

Haveland er ein av arkitektane ved Fortunen arkitektar i Bergen, og ho har dei siste 15 åra i

hovudsak arbeida med planlegging og utforming av skulearkitektur. Ho kan fortelje at dei

fleste skular som vert teikna i dag byrjar med ein arkitektkonkurranse der skuleleiing og

kommune har utarbeida eit program som klargjer kva ynskjer og krav som stillast til bygget.

Arkitekten peikar på at det er ein god dialog mellom brukarane og arkitektar i

skapeprosessen. 188 Ein komité frå skulen formidlar krav, ynskjer og idear som skal vere med å

forme det nye skulebygget. I samtalen med arkitekten var eg nyfiken på kva løysingar som

vert etterspurt frå skuleleiinga si side. Ho skisserar opp ein tendens dei siste 15 åra til at eit

ope undervisingslandskap har vore mest ”trendy” og føretrekt framfor meir tradisjonelle

184

Samtale rektor Loddfjord

185

Sidsel Jerkø og Anders Homb. Planløsning, akustikk og støy i baseskoler. Prosjektrapport 43 2009. SINTEF

byggforsk. S. 64-65

186

Jerkø og Homb ( 2009) S 68-69

187

Jerkø og Homb (2009) S 68-69

188

Intervju Gro Haveland

92

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!