12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kompetansemål som elevane skal kunne etter 1, 4, 7 og 10 klasse. 101 Det er no meir opp til

læraren kva undervisningsmetodar, læringsaktivitetar og lærestoff som vert gjennomgått i

undervisninga. Tanken er at læreprosessen skal føre fram til eit bestemt mål.

Undervisningsmetodane er ei blanding av ulike læringsteoriar, og variere frå formidlande

undervisning frå lærar, sjølvstendig arbeid hjå elevane, gruppe - og prosjektarbeid eller

dramatisering og fysisk utfalding. Dette stiller igjen krav til undervisningslokala med tanke på

fleksibilitet som samsvarar med varierte aktivitetar. Som denne presentasjonen skisserar er

læringsteoriane motsetnadsfylte ved at dei er forankra i ulike filosofiske og historiske

kontekstar. Utvikinga viser at strenge og lærarstyrte tankar dominerar tidleg i hundreåret,

medan dei meir barnesentrerte og reformpedagogiske filosofiane får innpass etterkvart.

Steiner-skulen står på sidelinja og formulerar sin eigen læreplan, og viser dermed eit noko

meir einsretta syn på undervisning enn det ein ser innan den offentlege skulen. Dei norske

læreplanane hentar impulsar frå alle dei pedagogiske læringsteoriane og tilpassar fagstoff og

metodar etter samfunnets krav og utvikling. Dagens pedagogiske kvardag er praga av

variasjon, aktivitet og målstyrte kunnskapsmål som blandar teoriar frå alle dei ulike

læringsteoriane. Vi har sett at læringsteoriane kan sporast i utforminga av skulearkitekturen,

spørsmålet vidare vert rette mot korleis det arkitektoniske eksteriøret kommuniserar dei

tankane som ligg i den pedagogiske profilen. Det vil no vere interessant å sjå om arkitekturen

kan stå som eit visuelt symbol på dei aktuelle tiders kulturverdiar.

101

Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Midlertidig utgave juni 2006. Kunnskapsdepartementet og

utdanningsdirektoratet. S. 39

55

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!