12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Ei slik framtoning minner mykje om middelalderens borger og klassiske palass frå

renessansen og barokken, som også vert bygd som eit vern mot omgivnadane og plassert med

god utsikt. Skulen ligg i nærleiken av Bergenhus festning frå 1100 talet, og denne type

arkitektur kan seiast å ha vore ei inspirasjonskjelde for arkitekten (fig.9). Sjølv om vi kan

oppleve at formspråket ikkje samsvarer med skulens arkitektur, finn vi likevel referansar til

denne typiske borga som er utført i solid stein og opptrer med status og verdskap i landskapet.

Det er fyst og fremst denne forma, som indikerar vern, og ein massiv bygningsmasse med eit

noko lukka formspråk som gjer at vi kan tolke denne type arkitektur som eit førebilete for

arkitekten i arbeidet med Rothaugen skule. Utdanningsbygg har frå tidlegare ein tradisjon

med å få ein prestisjefylt utforming. Tanken var å markere slike typar bygg i terrenget og

samtidig uttrykke moment av nytte og oppdraging som ein fant verdifullt å framheve. 23 Slike

trekk finn vi att i utforminga av Rothaugen skule då bygget har fått ein sentral plassering og

eit heller dominerande og verdig formspråk som gjer seg visuelt merkbart i landskapet.

Skulebygget viser seg å referere til fleire stiluttrykk som nyklassisisme, middelalderen og ein

regional arkitekturform som representerar Bergen. Ei slik blanding av uttrykk har fått

merkelappen historisme, noko som fortel om ein arkitektursmak der alle stilar vert tatt i

bruk. 24 Dette er ei samansatt rørsle som spring ut av ulike behov og tankeretningar. Ein finn

blant anna eit strekt element av romantikk som uttrykker ein lengt mot det eksotiske og

framande som tilhøyrer den fjerne fortid. Middelalderen vert difor ein viktig periode som

arkitektane henta førebilete frå. Stiluttrykket kan også tolkast som ein flukt frå den harde

realiteten som den industrielle revolusjonen førte til overflata. 25 Det nasjonale aspektet er

også framtredande innan historismen, då nasjonalkjensla vaks fram og formspråket vart prega

av ei oppvaking av stilane frå fortida. Dette er alle trekk som ein finn at i utforminga av

Rothaugen skule, og bygget kan dermed karakteriserast innanfor stiluttrykket historisme.

Arena for undervisning – skulens interiør

Den same symmetrien som vi finn i eksteriøret møter oss også innanfor skulens dører. Ein kan

vandre gjennom lange korridorar der dører er plassert langs eine veggen i ein repeterande

rytme. Desse dørene ledar oss inn til tradisjonelle rektangulære klasserom. Her finn vi att den

same forma og organiseringa som skulestova har bært med seg i fleire hundre år. Rothaugen

skule strekker seg tre etasjar i høgda og her finn vi undervisningslokale som vender ut mot

23 Brekke, Nordhagen og Lexau (2003) s. 244

24 Brekke, Nordhagen og Lexau (2003)s. 243

25 Brekke, Nordhagen og Lexau (2003) s. 243

16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!