12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

veggane ikkje hadde nokon bærande funksjon, rein og enkel fasade utan unødvendig dekor,

samanhengande horisontale vindaugsband og flatt tak der ein kunne inkludere naturen med

plantar og grønt område (fig. 16). 33 Eit reint og enkelt uttrykk kan med andre ord beskrive

denne stilretninga.

Landås skule kan karakteriserast med ei rein enkle forma og den slette overflata gjev oss med

ein gong assosiasjonar til modernismens formspråk. Det fyste karakteristisk trekket er den

rektangulære og geometriske forma som pregar skulen. Bygget har også ein del vindauge som

er plassert side om side og kan minne om desse samanhengande vindaugsbanda som ein også

ser på Villa Savoye. Samstundes ser vi at desse vindauga ikkje har den same effekten ved å gå

i eitt med veggen, då vindauga har rammer som bryt opp og markerer eit brot med veggflata.

Glasfasade finn vi bak denne søylerekka, noko som indikerar at veggen ikkje er eit bærande

element i konstruksjonen. Landås skule er ikkje løfta opp på pilotis(søyler), men vi finn

innslag av søyler som igjen speglar den klassiske referansen som Le. Corbusier viser til i sin

arkitektur. Taket har i stor utstrekning svak helling, men det er også innslag av flat

takkonstruksjon i desse lave paviljongane som er støtta opp av denne søylerekka. Skulebygget

har eit stramt enkelt uttrykk, og det solide materialvalet i betong og glas understrekar dette

inntrykket. Dette refererar til ein effektiv og rein arkitektur utan vesentleg dekor. Dette viser

også til den maskinestetikken og innslag av industrielle element som speglar det moderne

samfunnet.

Fig. 17 – Landås skules bakside

Skulens bakside har eit noko anna uttrykk der

sekskanta vindauge er sprett utover den lyse

betongveggen (fig.17). Symmetrien er også

vidareført her då vindauga er organisert i eit

skjematisk mønster på rekke horisontalt og

vertikalt. Ut i frå dette kan vi karakterisere

uttrykket som enkelt, stramt og symmetrisk.

Arkitekturen kan også opplevast som noko lukka

då eit tungt og grovt materiale står i kontrast til dei små vindauga. Samtidig bryt denne lave

paviljongen opp det stramme uttrykket og tilfører rørsle til bygget. Denne bygningskroppen

skil seg også ut ved å ha ein meir open fasade, og ein opplever dermed ein veksling mellom ei

meir lukka og open form. Dette er også element som skaper kontrast og spenning til uttrykket.

33 Curtis (2000) kap. 16

21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!