12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

matlaging. Ut i frå dette kunne ein lære om omarbeiding av materiale og sosial organisering

av arbeid. Pedagogikken tek også utgangspunkt i at vi har fire instinkt. Det fyste er sosialt og

handlar om språk og kommunikasjon. Det andre er evne til å lage ting og la det vere på

liksom, altså å leike. Vidare har vi utforsking og det ekspressive som kan utløysast gjennom

kunstnarleg uttrykk. Tanken er å inkludere desse fire instinkta i læreprosessen og

læringsaktivitetane. 91 Eleven hans, William Kilpatrick, utviklar tankane vidare og skaper

grunnlaget for prosjektorientert undervisning. Denne metoden går ut på å identifisere eit

problem som skal vere drivkrafta i lærings – og utviklingsprosessen. 92 Vi kan seie at denne

pedagogikken har skapt eit alternativ til den gamle skulen, og i Skandinavia vert Dewey godt

kjend får 1930 talet og utover. Ser vi til norske læreplanar finn ein spor av

reformpedagogikken frå 30 åra, men den festa fyst grepet om læreplanen på 1970 talet.

Læreplanen av 1939 er inspirert av nyare pedagogiske tankar om arbeidsskule og

elevaktivitet. Undervisninga skulle varierast og veksle mellom elevaktivitet, individualisering,

gruppearbeid og samla undervisning. 93

Med tanke på at denne retninga har kome på bana såpass tidleg skulle ein tru at desse ideane

kan sporast i utforminga av Landås skule som blei forma nokon tiår seinare. Men

modernismens formspråk tek heller avstand frå leikprega undervisning. Det er lite som tyder

på at undervisningsmetodar med mykje aktivitet kan få innpass i typiske tradisjonelle

klasserom. På ei anna side har vi jo også sett at denne skulen som dei fleste andre har ulike

spesialrom som er meir egna for praktiske fag. Og dermed kan skulebygget imøtekomme

nokon av aktivitetspedagogikkens krav. Ser vi til skular som Loddefjord og Apeltun kan vi

gjenkjenne dynamiske arkitekturformer som speglar aktivitet og rørsle. Undervisningslokala

har meir fleksible løysingar som opnar for varierte læringsmetodar der barna er utforskande i

læreprosessen. Lokala er organisert som ein arbeidsplass der elevane kan forske og undersøke

og læraren står på sidelinja som ein vegleirar i læringsprosessen. Ut i frå dette kan vi seie at

aktivitetspedagogikkens tankar ikkje let seg spore i arkitekturen før på 70 talet her i Noreg. På

slutten av 50 talet veks det fram ein reaksjon mot progressivismen. Dette kan skuldast at USA

opplever at den teknologiske utviklinga går trått, spesielt med tanke på Sovjet sender opp den

fyste sputnik i 1957, og på den måten demonstrerar teknologisk makt og markerar seg i høve

vesten. Dette gjev USA eit nytt perspektiv og sett fart i utdanningsdebatten der det vert sett

91 Myhre (2005) S. 174

92 Myhre (2005) S. 176

93 Imsen (2003) s. 195

52

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!