12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ulike nivå som vart representert i klassen. 98 Reformpedagogikken vert synleg i læreplanen på

70 talet, saman med dialogpedagogikken som søker å skape eit likeverdig høve mellom lærar

og elev. Ideen om at lærestoffet skal tilpassat elevens lokale kultur dukkar også opp her.

Vi ser ofte at ein læreplan fungerer som ein reaksjon mot den føregåande. Eit døme på det er

nettopp etter mønsterplanen i 1974 der lærarane fekk større fridom til å velje lærestoff og

differensiere undervisninga. Etter kvart såg ein at dette vart vanskeleg og dermed vart dette

stramma inn og krav om effektivisering kom på bana. Ein ny og strammare plan vart forma og

såg dagens lys i 1987. 99 Denne planen legg vekt på læringsmiljø, lærarsamarbeid og kollektiv

planlegging ved skulane. Men ikkje før M 87 blei tatt i bruk vart det reist krav om

effektivisering og meir vekt på kunnskapsformidling. På 90 talet vart det bestemt at

grunnskulen skulle utvidast frå 9 til 10 år frå 1997, og med dette vart det nødvendig med nye

læreplanar. For fyste gong vart det laga eit læreplanverk der delar var felles for heile

utdanningssystemet, det vil seie at både grunnskule, vidaregåande opplæring og

vaksenopplæring vart inkludert. Dette læreplandokumentet er det mest omfattande nokosinne.

Kunnskapsinnhaldet og arbeidsformer er formulert i måltermar som seier klart kva elevane

skal arbeide med i kvart fag. Læreplanen fører også vidare dei aktivitetspedagogiske

tradisjonane og legg særleg vekt på at ein må ta omsyn til variasjon i elevføresetnadane. Her

er det satt av ein viss prosentdel til tverrfagleg tema og prosjektorganisert arbeid. 100 Tanken

bak planen er i ettertid kritisert for å vere for ambisiøs då den vil ta vare på frie

aktivitetspedagogiske arbeidsformer og samtidig syte for omfattande kunnskapsformidling i

faga. Dette viste seg at vere eit noko urealistisk mål då det vert for omfattande å arbeide

prosjektorientert og samtidig kunne klare å gjennomgå eit stort omfang med lærestoff.

Aktuelle læringsteoriar i dagens skule

Vi ser ei nokså stor variasjonsbredde innan desse læreplanane, og kvar for seg har dei satt sitt

preg og utvikla tankar rundt undervisning og læring i ulike retningar. Denne spennvidda kan

også vere med å forklare korleis dagens skule har tatt form. Dei mange impulsane frå ulike

pedagogiske ideologiar har vore med på å skape ein skule med ein brei pedagogisk plattform,

der restar frå fleire ideologiar er representert samtidig. Kunnskapsløftet er den læreplanen som

det i dag undervisast etter og den har fått ei noko anna formulering. Her finn vi kunnskap – og

98

Imsen (2003)s. 196

99

Imsen (2003) s. 197

100

Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen (1996) Det kongelige kirke-, utdannings og

forskningsdepartementet. S. 71-72

54

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!