12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

og kjem ikkje til syne innan formidlingspedagogikken som stod fram som den viktigaste form

for undervisning i fyste halvdel av 1900 talet. Som eg har peikt på tidlegare viser skulebygga i

denne oppgåva stor variasjon og det kan vere interessant å sjå litt nærare på om dei ulike

måtane å organisere klasseromma på kan stimulere sansane slik læringsstilane uttrykker.

Dei typiske auditorieskulane som Rothaugen og Landås har ofte ei enkel utforming med

nøytral og passiv veggfarge og rektangulær form. Slike klasserom tek godt vare på den

auditive sansen då enkle rom skaper konsentrasjon rundt samtalen og kunnskapsformidlinga

kjem i fokus. Dette stemmer også bra overeins med den formidlande pedagogikken som i

hovudsak har blitt praktisert ved skulane Rothaugen og Landås. Eit slik uttrykk tek mindre

omsyn til den visuelle stimuleringa og gjev ikkje rom for kroppsleg utfalding.

Undervisningsaktivitetar knytt til desse sansane var heller ikkje så aktuelt å drive med då

intellektet kom i fyste rekke innanfor denne læringsteorien. Dei same undervisningsromma vil

i dag skape avgrensingar i høve det pedagogiske arbeidet då andre krav vert stilt i vår tids

læreplan. På same tid kompenserar begge desse skuleanlegga ved å ha meir fleksible areal

som kan nyttast når det vert aktuelt å inkludere fleire sansar i lærearbeidet. Organiseringa av

romma påpeikar at skapande arbeid ikkje var like framtredande tidlegare i hundreåret. Denne

sansen vert ikkje like godt stimulert i ”monokrome og sterile” rom, då inspirasjon og

skapeevne vert forløyst i kreative omgivnader. Dette vert uttrykt i artikkelen om Steinerskulen

i Stavanger der elevane uttalte at undervisningslokala inspirerte dei i arbeidet. På den

måten kan vi sjå Steiner-skulen som ein motsetnad då deira interiør tek vare på alle dei

sansane som er aktuelle i læreprosessen. Dei har rom tilpassa kroppsleg utfalding, kreative og

originale løysingar som fremmar det skapande menneske og fargar, former og utsmykking

som er valt med tanke på elevens modning og visuelle behov. Den same heilskaplege

tankegangen og den medvitne variasjonen er ikkje like mykje framheva innan offentlege

skulebygg. Utforminga av Loddefjord skule viser på si side at utviklinga har tatt ei ny

vending, og sanselege uttrykk får meir merksemd. Her møter ein eit meir allsidig interiør som

viser teikn til at undervisningsmetodar retta mot kreative skapande aktivitetar, der rørsle og

leik har fått innpass i skulen. Etter at skulen er bygd om kan vi spore klasserom i varierte

storleikar, noko som gjer at ein kan ta i bruk det rommet som høver til det aktuelle

pedagogiske arbeidet. Dei små avgrensa krokane egner seg godt til å lytte og samtale, medan

store areal kan gje rom for fysisk utfalding. Variasjon i det visuelle uttrykket skaper spenning

og kontrast som kan motivere og inspirere elevane i kreativt arbeid. Den nye skulen på

Apeltun kan seiast å ha eit meir medvite fokus på dei estetiske verkemiddela og sansanes

95

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!