12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

omgivnadane. Naturmateriala gjer opplevinga av arkitekturen som ei menneskeskapt

forlenging av naturen. Villa Konow på Kråkenes illustrerar denne samanhengen mellom

bygningskroppen og omgivnadane rundt (fig.28).

Fig. 28 – Villa Konow Fig. 29 – Knut Knutsens sommarhus

Hos Knutsen finn ein dei same lave bygningskroppane som samlar seg rundt eit tun og

anlegget er tilpassa eksisterande topografi og byggjekultur. Sjølvreflekterande set han opp

stikkord som ”stille bevegelse” og ”bortgjemthet” om sin arkitektur. Vi kan sjå bygningen

som ein dynamisk komposisjon der eksteriør får ein ny tredimensjonalitet og vert medspelar

blant dei romlege faktorane på staden (fig.29). 43 Loddfjords samspel med omgivnadane gjev

assosiasjonar til arkitekturteorien som pregar Knutsen og Konow sine bygg, og det er dermed

nærliggande å kategorisere dei innan same retning.

Undervisningslokala – skulens interiør

Skuleanlegget er utstyrt med nokså mange inngangsparti som inviterar inn til skulens indre.

På innsida møter ein eit formspråk som gjenspeglar eksteriøret. Dei same komplekse formene,

skrå veggar og variasjon i takhøgda understrekar levande og dynamiske rom. Fyst møter ein

tronge mørke gongar som ledar oss i retninga av rom i varierte storleikar. Fleire av

undervisningslokala er plassert langs fasaden og får på den måten ei lysare atmosfære då

vindauga slepp inn mykje dagslys. Vi finner få korridorar og interiøret glir meir eller mindre

frå det eine undervisningslokalet til eit anna, berre avløyst av mindre trapper som understrekar

korleis skulebygget strekker seg over fleire etasjar (fig.30 og 31).

43 Brekke, Nordhagen og Lexau (2003) s. 347

29

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!