12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

skilnaden kan ein sjå ut i frå den pedagogiske ulikskapen som desse skulebygga representerar.

Den disiplinerande formidlingspedagogikken inneber mindre omtanke for dei venlege

omgivnadane som skal stimulere sosial aktivitet.

Slike tankar er dermed framtredande innanfor den barnesentrerte og aktivitetsprega

pedagogikken, der aktivitetane skal gje føde til sansane og samarbeid er ein viktig del av

læringsprosessen. Å forme interiøret på denne måten imøtekjem også den barnesentrerte

læringsteorien som formulerar omtanke for barns behov, fordi undervisningslokala utrykker

eit formspråk som er forbunde med trivsel i fylje Cold sin karakteristikk .Skulebygget i

Loddefjord har tre som hovudmateriale, noko som illustrerar naturen og gjenspeglar

skogslandskapet på vestlandet. Fargebruken i interiøret er nokså nøytral der treverkets

naturlege side dominerar. Val av materiale kan difor tolkast som eit forsøk på å gje

skulekvardagen ei trygg og god ramme. Det framtredande grøne arealet i uteområdet står i

kontrast til dei eldre skulebygga, og reflekterar ein pedagogikk basert på barns naturlege

utfalding i skogen blant tre, berg og busker. 200 Dei to nyaste skulebygga, Apeltun og Steinerskulen,

viser på kvar sin måte korleis skulearkitektur vert forma i vår eiga samtid. Og er av

den grunn svært aktuelle å sjå i høve dei stikkorda som definerar eit godt læringsmiljø i

dagens perspektiv. Begge skulane oppfyljer kravet til det romlege, opne, heilskap,

opplevingsrikdom, dagslys, haldbare materiale, varierte og harmoniske farger og utsmykking.

Slike eigenskapar vert verdsett som viktigare no enn det vi har sett tidlegare i hundreåret.

Dagens pedagogikk formulerar også at trivsel, sosialt samvær der ein framhevar det estetiske

og det venlege uttrykket er ei viktig side ved læring og utvikling. Noko som skil seg frå

læringsteorien som vart praktisert ved Rothaugen og Landås i tida då desse skulane vart

forma. Colds artikkel uttrykker at dei opne, lyse og varierte romma gjer at elevane opplever at

skulebygget motiverar til arbeidslyst. Arkitekt Gro Haveland fortel at ho er spesielt oppteken

av interiøret i eit skulebygg. Målet hennar er å skape rom som det er behageleg å vere i. 201 For

å oppnå dette vel ho nokon gongar varme og dempa fargetonar og mykje tremateriale.

Når det gjeld fleksibilitet og det tilpassingsdyktige aspekt er også desse nye skulane forma

etter bestemte pedagogiske prinsipp noko som låser dei til bestemte metodar og aktivitetar slik

som vi også såg ved dei eldre skulebygga. Eit anna moment som kom fram i forskinga til

Birgit Cold er at elevane opplever sine omgivnader meir positive enn ekspertgruppa. Dette

200 Solerød (2004) S. 55-56

201 Haveland, intervju

98

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!