12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

menneske ikkje nådde sitt mål når bygget vart teke i bruk. Dette kan ein sjå i samanheng til

skulebygga i denne oppgåva som er forma etter ulike pedagogiske retningslinjer. Eit ynskje

om å skape god samanheng mellom innhald og form kan i nokon tilfelle slå feil ut, og dei

erfaringane ein gjer er med på å utvikle skulebyggets formspråk i nye retningar. Det opne

lokalet vert lukka att og dei klart avgrensa klasseromma får leve saman med meir fleksible

løysingar. Ein ser at dei arkitektoniske detaljane er svært viktige i høve korleis bygget

fungerar i praksis, og endringane kan av den grunn vere eit resultat av tidlegare erfaringar. Ein

slik diskusjon gjer at ein blir nyfiken på kva som karakterisera eit godt skuleinteriør og gode

undervisningslokale. Korleis kan arkitektar og skuleleiinga planlegge og forme eit godt

læringsmiljø?

Korleis har synet på det gode læringsmiljøet endra seg?

For å kunne definere kva eit godt læringsmiljø er, vert ein avhengig av å finne ut korleis born

og unge opplever sine omgivnader og kva stimulerande faktorar som spelar inn i

læreprosessen. Pedagogisk teori definerar fire ulike læringsstilar som representerar dei ulike

måtane ein tileignar seg kunnskap på. Læringsstilane kategoriserast slik: auditiv, visuell, taktil

og kinestetisk. 193 På kvar sin måte forklarar dei kva sans som er framtredande i læreprosessen,

og vi som menneske tek nytte av sansane på ulik måte i møte med nytt lærestoff. Den auditive

læringsstilen har høyrsel som avgjerande sans, og det vil seie at ein lyttar til det som vert

formidla og slik innhentar kunnskap. Dei som høyrer til gruppa visuell har behov for

eksponering av visuell karakter for å lette innlæringa. 194 Det kan vere bilete, fargar eller andre

visuelle hjelpemiddel. Den taktile gruppa kan imøtekommast med bruk av praktisk arbeid då

dei lærer best ved å nytte hendene i læreprosessen. Oppgåver som inneheld handarbeid og

teikning kan difor fungere godt. Til slutt har vi ei gruppe menneske som har best

læringsutbytte når heile kroppen er med, altså fysisk utfalding som læringsaktivitet.

Dramatisering, dans eller anna fysisk aktivitet egna seg godt for denne type menneske. 195 Dei

ulike læringsstilane presiserar behovet for ei variert undervisning slik at alle sansar vert

inkludert og kvar elev finn sin plass. Variasjonsbredda innan måtar å lære på stiller også krav

til undervisningslokala då rommets form, fargar, møblering, utsmykking og utstyr må vere

gjennomtenkt og planlagt for å kunne imøtekomme dei ulike bornas sansar og læringsutbytte.

Denne tankegangen rundt inkludering av alle sansane har blitt meir framtrendane i seinare tid,

193

Dunn, R. (2005). Nå skjønner jeg det! Finn din læringsstil og lær deg selv å lære. Oversatt av Lisbeth Nilsen.

Kommuneforlaget AS s. 13

194

Dunn (2005) s. 13

195

Dunn (2005) s. 13

94

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!