12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

fasaden. Ei rekke med vindauge er plassert langs eine veggen og slepp dermed inn lys til

lokala. Klasseromma ligg plassert som firkanta boksar på rekke og rad langs store og lange

korridorar (fig.10). Rektangulære rom med skrivepultar stilt opp på rekke føre eit kateter, og

ei vindaugsrekke er trekk som var framtredande ved skulestova og Latinskulen og som fyl

skulebygget vidare ( Fig. 11)

Fig. 10 – Korridor frå Rothaugens interiør

Fig.11 – Klasserom ved Rothaugen skule

Interiøret har også rom som skil seg ut i høve dei andre i storleik og form. Desse romma har

som formål å huse meir praktiske undervisningsaktivitetar som musikk, kunst og handverk,

mat og helse og kroppsøving. Slike rom vert ofte kalla spesialrom. Den eine langføyen er

utstyrt med slike spesialrom samt ein verkstad/bustad for vaktmeisteren ved skulen. Medan

andre langfløy har fått typiske klasserom side om side. Den stramme oppbygginga og ei

oppdeling i mange rom er eit trekk som karakteriserar skuleanlegget tidleg på 1900 talet.

Eit nytt formspråk for ei ny tid

Etter 1. verdskrig var det dårlege økonomiske tider, få ressursar og dermed lite

byggeverksemd. Fyst etter andre verdskrig kunne ein tillate å planlegge og sette større

arkitekturprosjekt ut i livet, samstundes som det var eit stort behov for restaurering og

oppbygging etter krigens store øydeleggingar. Vi kan sei at det store behovet for bustader,

ressursar til å gjennomføre prosjekta og ein teknologisk utvikling i frammarsj, påverka

utforminga av arkitekturen og byplanlegginga etter andre verdskrig. 26 Mange stadar var det ei

forventning om rask industrialisering av byggeverksemda, og ved å rasjonalisere dei ulike

arbeidsprosessane kunne ein oppnå større produktivitet. Byggeaktiviteten vart mekanisert ved

at ein arbeida med byggekomponentar som kunne settast saman på byggeplassen eller at delar

26 Nils – Ole Lund. Arkitekturteorier efter 1945. s. 54-55

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!