12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

av huset eller heile huset vart framstilt på fabrikken. Med utgangspunkt i denne utviklinga

vart byggebransjen meir produktiv på 50 og 60 talet, og på den måten kunne ein dekke

behovet for bustader og offentlege bygg som krigen og ein stigande levestandard hadde

skapt. 27 Mykje av arkitekturen som er forma dei siste hundre åra hentar inspirasjon frå

stilretninga som tok form tidleg på 1900 talet som går under namnet modernisme. Dei

generelle endringane i samfunnet sine strukturar er viktige moment i utviklinga av

modernismen, då nye behov melde seg - ein trong rett og slett ein ny arkitekturform.

Endringane kan også skyldast ynskje om eit nytt formspråk som tok utgangspunkt i

symbolske og poetiske tolkingar av samtida. Teknologisk utvikling og industrialisering opna

opp for nye materiale og konstruksjonsmetodar, og dette påverka det arkitektoniske

formspråket.

Ser vi atter til Bergen kan ein også der sjå at situasjonen på mange måtar også krov endringar.

Bustadnauda i Bergen var dramatisk etter krigen, då 8000 bustader mangla. Fleire tusen

Bergensarar budde i provisoriske brakker eller i tronge små trehus i sentrumsområdet. Det

positive var at byen ikkje mangla utbyggingsareal, for 910 mål stod disponibelt på Landås.

Her ville ein realisere ynsket om ein idealby der ein kunne finne eit miljø som var lysare,

luftigare og vennlegare enn det sentrumet kunne tilby. Mot slutten av 50 talet voks

Landåstorget fram, og området blei regulert etter tidas nye ideal. Det vil seie at tanken om dei

grøne omgivnader dominerte. I området finn ein varierte bygnader som: blokker, rekkehus,

stjernehus (høgblokk planen er forma som ei

stjerne) og eit senter som tilbyr handel, ulike

tenester og kulturtilbod (fig.12). Landås

bydel hadde også mange born, og etter kvart

vart den einaste skulen i området, Fridalen

skule 1936?, fylt til randen, og det var

nødvendig med ein ny skule. Av den grunn

tok Landås skule form allereiie i 1955-56.

Fig. 12 – Oversikt over Landås drabantby

27 Lund (2001) s. 54-55

18

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!