12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

praktiske orsakar har kvart trinn sin eigen

inngang med garderobe og toalett. 180 Rektor

fortel at dei minste klasseromma er 58kvm og

dermed litt små etter dagens standard.

Skriveborda er plasser på rekke og rad på

midten og framanfor finn vi tavle og kateter til

læraren. God takhøgd kompenserer for eit heller

mindre golvareal (fig.84).

Fig. 84 - Eit av dei mindre klasseromma ved Loddefjord

Dette rommet står i kontrast til dei store undervisningslokala der ei rektangulær form breier

seg ut på over 150 kvm. Her er rommet delt inn i to avdelingar der eine delen er møblert med

arbeidsbord i eit symmetrisk mønster. Den andre enden av rommet er skilt av med ein

skiljevegg og bak denne finn ein benkar plassert i ein ring (fig.85). Denne store variasjonen i

undervisningsromma kan forklarast med at skulen opphavleg var bygd med ope landskap der

undervisninga vart organisert etter eit prinsipp om at elevane arbeider side om side. Interiøret

er i dag organisert med meir tradisjonelle klasserom.

Fig. 85 - Klasserom med stort areal Fig. 86 - Datarom

Korleis imøtekjem desse endringane dagens pedagogiske verksemd?

Endringane som dei ulike skulebygga har vore gjennom er eit teikn på at slike modifiseringar

kan vere nødvendig for å tilpasse lokala til dagens pedagogiske tenking. Dei skulane som har

hatt ei enkel og tradisjonell organisering går i retning av å bli meir fleksible med større rom

som kan nyttast til meir varierte aktivitetar. Både Landås og Rothaugen viser til denne

180 Samtale rektor Loddefjord

90

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!