12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Interiørets praktiske funksjon

Arkitektur står i ei særstilling i høve dei andre kunstformene, då den reine estetiske dom ikkje

er tilstrekkeleg for å kunne vurdere og diskuterer arkitekturverket. 150 Dei estetiske

verkemiddela er sjølvsagt viktig ved eit bygg, men ved sida av å opptre som eit skjønt og

symbolsk objekt i landskapet skal også bygget fungere i bruk og oppfylle kravet til funksjon.

Interiørets oppbygging og organisering vert difor ei vel så viktig side å ta stilling til når ein

skal analysere eit arkitekturmonument. Hittil i oppgåva har det ytre arkitektoniske eksteriøret

og dei estetetiske faktorane fått mest merksemd. I tilegg har diskusjonen vist at arkitekturen

også kommuniserar symbolske verdiar som uttrykker eit bestemt pedagogisk tankesett. Eit

anna viktig aspekt ved arkitektur er den funksjonelle og praktiske sida, og i dette tilfelle at

desse bygga skal innehalde undervisningslokale og stimulere pedagogisk verksemd.

Skuleanlegga innanfor den historiske perioden eg har beskrive viser eit varierande formspråk

og ulike måtar å organisere undervisningslokala på. I og med at alle desse bygga også

fungerar som skular i dag seier dette noko om den spennvidda elevane møte lærestoffet i. Kva

faktor spelar utforminga av undervisningsromma i høve påverknad av læringsmoglegheitene

og læringsutbyttet i skulen? Skulen er ein institusjon som stiller krav til både form, funksjon

og innhald, og eit slikt bygg skal romme mange ulike læringsaktivitetar og

undervisningsformer. Ein kan spørje om bygningen setter fysiske grenser for den pedagogiske

koreografi som skal utførast her, og dermed tolke at nokon av skulebygningane som det i dag

undervisast i møter utfordringar i høve dagens undervisning. Ser vi til dei fem skulane

oppdagar ein at den arkitektoniske utforminga skaper ei bestemt ramme rundt dei aktivitetane

som skal utførast i dei ulike romma. Eit stramt og symmetrisk interiør er forma etter

pedagogiske prinsipp som ikkje er tiltenkt dei læringsaktivitetane som er typiske i dag. Dei

nye skulebygga låser på si side opp undervisinga til dagens pedagogiske prinsipp. Ein må med

andre ord i stor grad tilpasse undervisningsmetodane i høve omgivnadane.

Desse tankane og spørsmåla innleiar ein diskusjon som handlar om korleis arkitekturen spelar

saman med det pedagogiske innhaldet i dei ulike historiske periodane frå tidleg 1900 tal til i

dag. I dette kapittelet ynskjer eg å ta opp denne problemstillinga og innleiar med ein diskusjon

der eg tek for meg korleis interiøra historisk sett let arkitektur og pedagogikk spele saman. Eg

vil også sjå til korleis desse undervisningslokala har endra seg, og på den måten undersøke

150 Lund (2001) s. 8

77

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!