12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

å samanlikne Steiner-skulen med den offentlege skulen for å undersøke om dei ulike

skulesystema viser ulike måtar å tilnærme seg spenningsfeltet mellom arkitektur og

pedagogikk. Diskusjonen har i tillegg eit samtidsmessig aspekt der hovudfokuset vil vere retta

mot korleis dei ulike skulane møter dagens pedagogiske prinsipp. Her vert det aktuelt å trekke

inn undervisningsmetodar og læringsaktivitetar som er spesielt framtredande i vår eiga

samtid. Og samstundes sjå byggets utforming i høve forsking som handlar om kva som

kjenneteiknar eit godt læringsmiljø. Birgit Cold er professor i arkitektur ved NTNU, og har

arbeida med ei studie av skuleanlegget og eit forsøk i å definere kva som karakteriserar eit

godt læringsmiljø for elevane 12 , og uttrykker fyljande:

Skuleanlegget med sine rom, innreiing, lys, overflater, fargar, lukt og lyd representerar det mentale

biletet vi har av skulen. Desse estetiske kvalitetane fungerar som ein formidlar av kulturen og av

samfunnet sine prioriteringar. Dei representerar premissar for å kunne skape ein positiv atmosfære, og

er ein dannings- og inspirasjonsfaktor for læring og utvikling. Estetiske eigenskapar er med andre ord

viktige for læringsmiljøet. 13

Dette perspektivet kan vere aktuelt å sjå nærare på i leitinga på svar etter korleis skulens

interiør spelar saman med den pedagogiske verksemda. Målet med prosjektet mitt er å sette

søkjelyst på spenningsfeltet mellom arkitektur og pedagogikk, og dermed undersøke kva

utfordringar ein står ovanfor i formgjevinga av eit skulebygg. I dette arbeidet har eg kontakta

ein arkitekt som spesialiserar seg på skulearkitektur og samtala med ein rektor som uttaler seg

om dei ynskjer og krava som vert stilt til ein ny skule. Desse samtalene har gitt innblikk i

planleggingsprosessen og kva omsyn som vert teke i høve samhandlinga mellom pedagogiske

plattform og arkitektonisk uttrykk. Og avslutningsvis kan ein dermed skissere opp utviklinga

vidare og karakteristikken av framtidas skulearkitektur. Håpet er at diskusjonen i heilskap skal

hjelpe til å sjå om arkitekturen kan vere ein bidragsytar til å tenne ein slik begeistrande eld

som motivasjonsfaktor for lærelyst og arbeidsvilje i skulen.

12 Birgit Cold. Skoleanlegget som lesebok. En studie av skoleanlegget som estetisk ramme for læring og vælvere.

Norges forkningsråds program: Evaluering av Reform 97, (Synteserapport 2003) s. 6

13 Cold (2003) s. 26-29

9

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!