12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Difor meiner han også at det er unødvendig å ”fylle opp” med kunnskap då barnet allereie har

spiren til kunnskap i seg. Frøbel meinar også at det er viktig å ha respekt for barnets vekst og

som ingen anna pedagog før framheve han tydinga av leiken. 74 Han peikar på at det er det

ekte og reine uttrykket for barnets vesen. Vidare legg han vekt på at ein utviklar det

guddommelege i seg sjølv ved å beskjeftige seg med omverden gjennom observasjon og

handling. Han er også den pedagogen som legg grunnlaget for utvikling av barnehagen og

opplæring i førskulealder. Å kalle det ”hage” er forankra i tanken om at barnet skulle vekse og

utfalde seg slik som blomar og tre. 75

Den barnesentrerte pedagogikken har aldri hatt stor gjennomslagskraft i grunnskulen då den

ofte vert forbunde med barnehagane og førskulen. Men det kan vere interessant å undersøke

om ikkje noko av ideologiens tankar har påverka skulearkitekturens formspråk. Det er kanskje

helst to skulebygg som reflekterar denne pedagogikken, nemleg Loddefjord og Steiner-skulen

i Stavanger. Uteområdet som møter oss ved barneskulen i Loddefjord gjev oss assosiasjonar

til ein hage der barna kan leike og gro.

Fig. 53 og 54 – Uteområde Loddefjord

Dei naturlege omgivnadane

inviterar til leik og aktivitet, og

refererar til den naturlege drifta

som leiken representerar hos

barnet. Aktiviteten som føregår i

ein skulegard som er dominert av

tre, busker og berg reflekterar

tanken om å spire og gro, på same måten som Frøbel omtaler at

elevane har spiren til kunnskap i seg (fig. 53 og 54). Med andre ord naturen som metafor for

den utviklinga som barna gjennomgår. Den same dynamikken finn vi att i Steiner-skulen der

leikane og uttrykksfulle arkitekturelement skaper eit variert læringsområde både ute og inne.

Slike komplekse former som vi finn i dei to skulebygga viser også til denne fantasifulle og

leikande tilværet som barna utfolder seg i. Det organiske formspråket minne om

vekstprosessen og kan samanliknast med barns vekst og utvikling. Som kontrast er det lite

som refererar til desse romantiske tankane i det kjølege og enkle uttrykket som pregar

Rothaugen og Landås skule. Utforminga av undervisningslokala liknar også mykje av

74 Myhre (2005) S. 107

75 Imsen (2003) S. 68

47

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!