12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fig. 58- Skuleport ved Rothaugen

Vi ser at dei rasjonelle ideologiane som trekk lasset heilt frå

antikken kan samanliknast med dei arkitekturteoriane som

Latinskulen og Rothaugen skule er inspirert av. I boka

”pedagogiske grunnproblem” presenterar forfattaren Erling

Solerød desse rasjonelle filosofiane under nemnet

tradisjonalistar. Dei representerar linja bak til Aristoteles,

noko som inneber vektlegging av det intellektuelle og

dermed fokus på å kultivere intellektet. Idealistane står som

motsetning og representerar eit menneskeleg fokus. Dei

meinar at mennesket er berar av ideane der sanninga ligg.

Ut i frå dette vert det viktig å kultivere

personlegdommen. 118 Dette grunnsynet skal vi bli betre kjend med gjennom ein presentasjon

av meir romantiske ideologiar.

Arkitekturteori og pedagogikk med romantiske røter

På slutten av 1700 talet veks det fram ein reaksjon på opplysningstidas tru på fornuft og fokus

på det nyttige. Det romantiske synet vender seg mot dei menneskelege aspekta som handlar

om personlegdom, sansar, kjensler, det ekte, naturlege, historie og det nasjonale. Målet vart

retta mot utviklinga av alle sider ved mennesket. 119 Innanfor målarkunsten finn ein visuelle

dømer på korleis det romantiske ideane vert uttrykt. Vi kan sjå dramatiske komposisjonar

med mykje rørsle og dynamikk, sterke sensuelle fargar og kjensleladde scener som taler til

betraktarens sansar. Primitive og naturlege motiv med dyreliv og vill natur vert framheva

innanfor dette stiluttrykket. Det sanslege og kjensleorienterte vert karakteristikken for denne

stilretninga, som også kan settast som merkelapp på den filosofiske grunntanken. Ser vi til

arkitekturen som fyl dei romantiske strømmingane finn ein bygningar som har fjerna seg frå

det stramme og symmetriske klassiske uttrykket. Ein arkitektur prega av ornamentikk, detaljar

og svingande former som inngår i ein organisk heilskap karakteriserar uttrykket eller

arkitekturteorien som går under namnet Art Nouveau. Denne arkitekturretninga har sine røter

frå arts and crafts rørsla som framhevar verdien av ekte handverk og gode materiale.

Naturens former vert inkludert då plante- og dyremotiv kan gjenkjennast i det arkitektoniske

formspråket. Vi har sett at skulebygga Loddefjord (1974) og Steiner-skulen (1999) vert forma

118 Solerød (2004) S 36

119 Solerød (2004) S. 26

63

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!