12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

skulen også ein kjøkkenhage samt ein større sal for kulturaktivitetar der ein kan framføre

skodespel eller musikkstykke. Interiøret er med andre ord variert.

Referansar til arkitekturhistoria

I denne presentasjonen av Steiner-skulen har vi sett at dette skulebygget skil seg frå dei andre

skulane med sitt særeigne uttrykk og komplekse formspråk. Ein levande og dynamisk

bygningsmasse står heilt klar i kontrast til dei enkle og stramme formene som karakteriserar

Rothaugen og Landås. Den organiske forma som pregar Loddefjord skule har derimot

fellestrekk med Steiner-skulen i Stavanger. Eg tenkjer då på den dynamiske rørsla, ei

asymmetrisk form og eit naturleg samspel med omgivnadane. Ut i frå dette kan vi difor også

plassere Steiner-skulen innanfor den organiske arkitekturretninga. Vi ser likevel at dei to

skulebygga også skil seg frå kvarandre då Steiner-skulen har innslag av sirkulære former, små

tårn og meir fantasifulle og nesten eventyrlege arkitekturmodular. Eit slikt formspråk gjev oss

assosiasjonar til romantiske arkitekturretningar som

art nouveau/jugend stilen. Desse omgrepa

impliserar at det er snakk om ”den nye kunst”.

Denne stilretninga utvikla seg og tok form ved

hundreårsskiftet frå 1800-1900 talet. Det som

karakteriserar stilen er mykje dekor og ornament

med referansar til naturen og planteverden. Den

spanske arkitekten Antonio Gaudi forma slorslåtte

bygningar innanfor dette stiluttrykket.

Karakteristisk for hans arkitektur er dei varierte og

skulpturerte formene som han skaper sine Fig. 42 – Antonio Gaudis bygg, Casa Batllo

bygningar ut i frå. Fantasifulle samansetningar der han kombinert ulike kunstartar gjev eit

organisk og samtidig fritt skulptert formspråk (fig.42). Dei irregulære formene vert framheva

og ein finn referansar til naturlandskapet og dyreriket. Romma flyt over i kvarandre og ein

finn mykje detaljrikdom i dekoren både innvendig og utvendig. Taket er ofte forma med

variert vegetasjon som eit naturlandskap med små bruer og steinskulpturar forma som busker,

tre eller ulike dyr. Det er nettopp desse elementa som gjer at vi kan samanlikne Gaudi sin

arkitektur med denne Steiner-skulen. Dei same irregulære formene, naturlandskapet som

breier seg på taket, referansar til naturen og dyreverda og ein veksande organisk arkitektur er

fellestrekk som vi finn att i dei to bygningane. Det vert av den grunn naturleg å tenkje seg at

36

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!