12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

etter ein arkitekturfilosofi som har mykje til felles med det Art Nouveau rørsla og den

organiske arkitekturteorien, og vi skal sjå om ikkje desse arkitekturhistoriske referansane også

har fellestrekk med det romantiske tankemønsteret.

Jean Jacques Rousseau hadde eit ynskje om å finne tilbake det primitive og naturlege, dette

førte til ein tankegang der det viktigaste i oppdraginga er å la den gode barnenaturen få

utfalde seg mest mogleg. 120 Det vart difor viktig å hindre skadeleg påverknad frå

omgivnadane. Oppdragaren skulle halde seg mest mogleg passiv og la barnet sjølv sanse,

oppdage og erfare. Dette står i kontrast til dei rasjonelle ideane der dei forbyr leik og

sanseopplevingar. Johann Henrich Pestalozzi (1746-1827) er ein anna filosof som bygger

vidare på den romantiske tankegangen. 121 Han grunnlegg folkeskulen og fremmar ein tanke

om at utgangspunktet for utviking ligg i mennesket sjølv, og ikkje omgivnadane. For han var

det viktig at alle sider ved mennesket skulle få harmonisk utvikling. Han formulerar også eit

slagord som seier at utviklinga skal inkludere hovudet, handa og hjartes krefter. 122 Med andre

ord stimulere intellektuelle, praktiske og moralske religiøse anlegg. Romantikarane la altså

vekt på det umiddelbare, det originale, kjensler og barns eigenverdi.

Ser vi atter til arkitekturen kan ein spørje seg kva type bygg som historisk sett har fått denne

sanselege, naturlege og kjensleladde utforminga. Då kan ein finne ut at barnehagar, kyrkjer,

kulturhus, opplevingssenter og museum ofte vert forme etter nokon av dei romantiske og

organiske arkitekturprinsippa. Og av den grunn er det nærliggande å tenkje at slike bygg har

vore ei inspirasjonskjelde til dei skulebygga som vert forma på tilsvarande måte, slik som vi

ser ved Steiner-skulen og barneskulen i Loddefjord. Fig. 59 -Tryllefløyten barnehage i Bergen

Barnehagens utforming kan sjåast som ein

inspirasjonskjelde til dei meir barnesentrerte skulane

som fekk inntog i den norske grunnskulen på 70 talet.

Barnehagens arkitektur får ofte eit ope og romleg

interiør der barna kan boltre seg. Uteområdet er lagt

til rette for leik og aktivitet nært knytt til naturen og

120 Myhre (2005) S. 83

121 Myhre (2005) S. 99-100

122 Myhre (2005) S. 102

64

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!