12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Innleiing

Ein bygning med eit tilhøyrande uteområde, korridorar med knaggar og klede, rom med stolar

og bord, eit avgrensa område ved ein pult, ein sekk med bøker, skrivesaker og lukta av papir,

tal og bokstavar, ei hand i veret, ei klokke som ringer, ein lærar som formidlar og ein samtale

med likesinna born og unge.

Alle kan kjenne att ein slik beskriving og hente fram sine eigne minner frå skulekvardagen.

Skulebygningens lukter, visuelle inntrykk og dei kjende omgivnadane gjer oss nostalgiske og

inspirerar til mimring rundt opplevingane frå den tida ein var skuleelev. Nokon element er

typiske og kan kjennast att ved dei fleste skulebygg, men landets skular viser på same tid at

formspråket til denne type bygg også varierer mykje. Arkitekturen som elevane skal møte det

same lærestoffet i har svært ulik utforming. Einar Muren er professor i pedagogikk og set

søkjelyst på skulebygget. I hans artikkel kan ein lese at spennvidda varierer frå nye bygg med

relativ fleksibel romløysing, 50 tal funkis med klasserom ut mot eit ope atrium i midten til

skulearkitektur før 2. verdskrig i monumental steinkonstruksjon med stor etasjehøgd og rader

av klasserom mot breie korridorar. 1 Mangfaldet innan utforminga reiser nokon spørsmål rundt

kva faktorar som påverkar desse endringane. Korleis har stiluttrykk og formspråk utvikla seg i

retning av skulebygga som tek form i dag, og kva kontekstuelle rammer påverka utforminga

av bygningskroppen? Ved sida av det estetiske uttrykket har også skulearkitektur ei viktig

funksjonell side då bygget skal huset eit pedagogisk innhald. Modernismens kjende uttrykk

”form ever follows function”, formulert av arkitekten Louis Sullivan 2 (1856-1924) motiverer

til ei undersøking av samanhengen mellom form og innhald. I dette ligg ein tanke om at ein

skule skal uttrykke funksjonen skule, og gjev ein peikepinne på at dei to faktorane må

kommunisere. For ein utdanna lærar glir tankane i retning av ei kopling mellom arkitektur og

pedagogikk. Kan pedagogiske læringsteoriar vere avgjerande for utviklinga av

skulearkitekturen, og kan desse teoriane sporast i utforminga av bygget? Denne oppgåva vil

gripe fatt i spenningsfeltet mellom arkitektur og pedagogikk ved å undersøke samspelet

mellom det arkitektoniske og pedagogisk innhald. Problemstillinga vert av den grunn

formulert gjennom dei tre hovudmomenta: Arkitektur, pedagogisk teori og pedagogisk

praksis.

1 Einar Muren. Skulebygg i spenningsfeltet mellom arkitektur og pedagogikk.

http://skoleanlegg.utdanningsdirektoratet.no/asset/1298/1/1298_1.doc

2 William J.R. Curtis. Moderen architecture since 1900, London: Pheidon Press Limited, 2000[1982] s. 44

5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!