12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Modernismens formspråk, den humane organiske retninga, funksjonell systemarkitektur,

strukturalisme, brutalisme, idealisme, postmodernisme, dekonstruktivisme og den

fenomenologiske filosofien er alle teoriar som har sett synlege spor i arkitekturformene dei

siste 50 åra 143 . Ut i frå dette mangfaldet kan vi ikkje definere nokon enkel teori og prinsipp

som arkitektane arbeider ut i frå. Ser vi til utforminga av Apeltun skule kan vi sjå att eit

formspråk som hentar sine referansar frå ulike stilarretningar og epokar i historia. Ein slik

blanding av stilutrykk kan samanliknast med den pedagogikken som pregar vår eiga samtid.

Dagens skule er i stadig endring og dei mange læreplanane og reformene som har tatt form

dei siste 30 åra står som konkrete dømer på denne endringsprosessen. Reformene har vore

knytt til omgrep som likskap, likeverd, samordning og fellesskap. 144 Pedagogikken vert

etterkvart prega av ei dobbel stemme der ein finn både ein ”teknisk /autoritær” pedagogikk

side om side med ein ”fri” orientering. 145 På den eine sida kan ein finne ein individorientert

målsetting om å gjere den enkelte best mogleg rusta til å fungere på eigen premissar i ein

sterkt omskiftande røyndom. Men på den andre sida kan ein sjå pedagogikken ut i frå ein

samfunnsorientert målsetting om å forme ein velfungerande person for det eksisterande

samfunn. Vi kan seie at pedagogikken omfattar den enkeltes personlege og sosiale tilpassing.

På den måten kan ein plassere ideologien med ein fot innanfor den rasjonelle fornuftstyrte

filosofien og andre foten innanfor den romantiske retninga der utgangspunktet er mennesket

sjølv. Gunn Imsen skriv i boka Lærerens verden at element frå dei ulike pedagogiske

perspektiv har sett spor etter seg i den norske offentlege grunnskulen, men det er sjeldan slik

at ein reindyrkar ein enkelt teori i dagens skule. Dagens praksis er ein blanding av restar frå

mange ulike impulsar som har lagra seg opp i åras laup. 146 Læreplanane som vert formulert i

vår samtid bærer preg av dette. Barns oppseding og opplæring forgår i eit nytt

oppvekstlandskap. Målet er å utvikle kompetanse til å meistre det samfunnet som barn og

vaksne er ein del av. Dette er sjølvsagt ein ny type kompetanse enn det ein ser i tidlegare

jordbruksamfunn og industrisamfunn. Det er no behov for generell kompetanse på fleire

omfattande områder. 147 Det postindustrielle samfunnet er prega av stor flyt av kunnskap,

kommunikasjon og informasjon. Massemedia har ei avgjerande rolle som underhaldingskanal

og spreiing av informasjon. Eit slik mangfaldig samfunn treng samfunnsborgarar med brei

opplæring innfor mange ulike felt. Dette kravet kan imøtekommast av ein allsidig pedagogikk

143

Lund (2001). S. 8

144

Harald Thuen og Sveinung Vaage(red.) Pedagogiske profiler. Norsk utdanningstenking fra Holberg til

Hernes. (Abstrakt forlag AS 2004) s. 223

145

Thuen og Vaage (2004)s. 261

146

Imsen (2003) s. 77

147

Frønes, I.(1997): Oppvekst i det moderne. I Et sted å lære. Oslo: Cappelen Akademiske forlag. Kap.1. s. 13

73

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!