12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

dramatiserande arbeidet dei har gjort i undervisninga (fig.36). På same måte kan ein sjå at

undervisningsmetodane innan den offentlege skulen er ein retningsgjevande faktor. Den

formidlingsprega metoden påverka utforminga av auditorieskulane medan elevaktivitet er

retningsgjevande når laboratorieskulane tek form. Ein kan også sjå at den offentlege skulen let

seg inspirere av Steiner-skulen. Planlegginga av nye Landås skule har vore prega av eit

samarbeid mellom lærarar, leiing og kommune. Lærarane har kome med forslag for korleis

dei nye lokala kan nyttast og strukturerast. Dei er etter kvart blitt einige om at spesialrom for

praktiske fag som musikk, kunst og handverk, mat og helse osv. skal vidareførast til det nye

bygget. Argumentet er at desse faga skal få regjere litt aleine og ikkje gli ut i sanden som ein

inkludert del av dei andre faga som vert drive i det opne landskapet. Dette seier noko om

satsinga på praktisk og estetiske fag som minner om Steiner-skulens vektlegging av dei same

faga og kor viktig det er å ha undervisningslokale som høver til dette arbeidet. Realfaga vert

framtredande ved den nye utforminga av Landås, og eit drivhus i samband med naturfag og

mat og helse undervisning vert aktuell. Uteskule vert også ein del av denne satsinga der

tanken er at elevane skal lære gjennom å vere undersøkande og aktive i læreprosessen i eit

uteområde tilknytt skulen. Kjøkkenhagen og praktiske læringsaktivitetar er også noko ein

kjenner att frå Steiner-skulen.

Vektlegging av eit inspirerande miljø er også svært framtredande innan den antroposofiske

pedagogikken. 168 Dei kreative og estetiske faga krev at elevane vert stimulert og inspirert av

sine omgivnader. 169 I møtet mellom elev og lærar legg dei vekt på kreativitet og rørsle hos

elevane, og det er nettopp der omgivnadane kjem inn og støtter opp rundt oss. 170 Ein artikkel i

dagbladets magasin har intervjua nokon elevar ved skulen. Dei kan fortelje at arkitekturen er

med på å inspirer elevane som kjem inn i husa. Ida Marie Andresen seier fyljande: ” Jeg tror

det gjør noe med hva du yter i arbeidet. Du henter fram mer hvis du er i et klasserom som

inspirerer deg. ” 171 Dette avslørar at elevane sjølv opplever at omgivnadane har ei viktig

rolle i undervisninga, noko som også gjenspeglar Steiner-skulens tanke om å tenne begeistring

hos elevane og ikkje berre fylle dei med kunnskap. Ein slik tanke er ikkje like framtredande

innan dei historiske skulebygga, då interiørets formspråk appellerar til den meir praktiske og

nyttige sida ved eit undervisningslokale. Dei fire offentlege skulane markere ei historisk

168 Myhre (2005) S. 188

169 Bergesen, N, T.(1996) Rom for barna. Arkitekturens betydning i den pedagogiske hverdag. I Steinerskolen.

Tidsskrift for pedagogikk, samfunn og kultur. 61.årgang 1999 (utgitt av forbundet steinerskolen i Norge)s. 96-98

170 Bergensen 1996

171 Dagbladets magasin, 5.mars 2006 (mi kursivering)

85

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!