12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kan lett la seg forføre til ei samanlikning der ein i militære førebur seg til krig, medan skulen

driv opplæring fram mot eksamen.

Samanstilling av skulearkitektur og andre disiplinære institusjonar har også ide`historikaren

Michel Focault gjort i sitt arbeid. Han utviklar ein sosialiseringsteori der han forklarar

grunnleggjande utviklingstrekk i det moderne samfunnet som veks fram frå 1700 talet. Han

kallar teorien ”den store innesperringa” og ”disiplineringsteorien”. 114 Kort fortalt bygger den

på fyljande oppfatting: I laupe av 1700-1800 talet gjennomgjekk Europa den industrielle

revolusjonen som leda til eit kapitalistisk samfunnssystem. Parallelt med denne prosessen

voks det fram ein moderne disiplin som medførte overvaking og kontroll med menneska.

Desse prosessane føresette kvarandre, i fylje Focault. Det moderne industrisamfunnet krev eit

herredøme over menneska slik at dei lystra ordre og opptrer ”økonomisk” dvs lydig. 115

Focault hevda at myndigskapet oppretta ei stor mengd institusjonar der dei menneska som

ikkje tilpassa seg tidas krav blei sperra inne for å øve opp det å vere lydig og tilpassing i

samfunnet. Ulike typar disiplineringsbygg vart då viktig, med ei detaljert organisering av

arkitekturelementa der alt var synleg og gjorde nøyaktig vakthald mogleg. Byplanlegging,

bygging av kontor, sjukehus, asyl, fengsel og læreanstaltar fyl dette prinsippet. 116

Organiseringa av desse bygga mogleggjer ein tydeleg indre detaljert kontroll, og føremålet er

at arkitekturen kan føre fram endringar av individ og påverke deira åtferd. På den måten gjer

ein menneska til gjenstand for makt og kunnskap. Skulebygget kunne fungere som eit

dressurmiddel, eller læremaskin. Romma vart då stilt opp på ei rekke som små celler langs ein

korridor. 117 Skulebyggets lukka form og pedagogikkens fokusering på reglar og styring gjev

oss assosiasjonar til denne teorien som Focault presenterar. Skuleporten ved Rothaugen skule

kan sjåast som eit døme på den kontrollerte styringa som også er å finne innanfor militæret

(fig. 58). Plasseringa i landskapet viser i begge samanhengar at bygget skal verne mot

omgivnadane, og i desse tilfella kystlinja. På kvar sin måte skal anlegga verne menneska

innanfor ved hjelp av kunnskap som skal ruste elevane når dei kjem ut i samfunnslivet eller

gje dei dugleikar som gjer soldatane klar for kamp. Med andre ord ein slags sosial oppseding

av menneska innan kontrollerte rammer.

114

Bøe,J.B. Økonomiske og materielle forhold – et historisk perspektiv. I Skaalsvik, E.M og Kvello Ø. (red):

Barn og miljø: om barns oppvekstvilkår i det senmoderne samfunnet. (Oslo: Tano Aschehoug) s. 25-26

115

Bøe s. 25-26

116

Michel Foucault. Det modene fenseles historie. Oversatt av Dag Østerberg. (Gyldendal Norske forlag: Oslo

1977) s. 156-157

117

Foucault (1977) s. 156-157

62

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!