12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

organisert som repeterande symmetriske einingar ut frå midten. På venstre side ligg to meir

sjølvstendige bygningskroppar som saman med den øvre arkitekturen samlar seg om ein open

plass .

Skulebygget avslørar eit organisk formspråk der dei avrunda og komplekse kroppane veks

opp og forma seg som eit levande innspel i landskapet. Arkitekten Espen Tharaldsen

grunngjev val av former ved å peike på at dei skal uttrykke pedagogisk verksemd: De er på

samme tid åpnende og samlende – slik elevene også åpner seg for nye inntrykk for så å samle

dem til kunnskap. 46

Samspel med omgivnadane

Denne modellen viser korleis dei ulike bygningskroppane dannar ei v-form som sluttar seg

om ein open plass. To sjølvstendige bygg skil seg ut og skapar på denne måten asymmetri og

spenning i utrykket(fig.36). Samtidig kan vi seie at desse to bygga også gjev kjensle av

balanse og luft mellom arkitekturelementa. Dei organiske formene kommuniserar med

naturen rundt, då dei levande og ujamne formene minner om naturens former. Vi kan dermed

seie at bygget viser fellestrekk med det

formspråket som vi fant ved Loddefjord skule.

Arkitekten er oppteken av at ein ikkje skal

kopiere naturen men kopiere måten naturen

”arbeider” på. Ein bygning skal ikkje sjå ut

som eit tre eller ei busk, men vekse på den

måten som treet veks. 47 Det er heilt tydeleg at

arkitekten også har gjort seg tankar om korleis

arkitekturen skal henge saman med

landskapet, då dette kom til uttrykk på heimesida til arkitektkontoret. Fig. 36 – Omgivnadane

Men bildet skulle også ha med stedet å gjøre, regionen ... feltet: hør et norsk sprog og tenk hvordan det

kan bygges. Norsk formsprog! Tenk på tysk til sammenligning, så ordentlig og logisk, eller engelsk,

forseggjort og dannet ... men norsk? ... med all mulig brottsjø, sterk vind og bølget landskap. 48

Studerar vi arkitekturformene nærare kan vi få assosiasjonar til landskapet som pregar Noreg

og vestlandet. Tenk deg dei bratte dramatiske fjella og dei voldsame bølgjene som slår inn frå

Nordsjøen. Dei avrunda trekantforma modulane minner om fjellformasjonar og taket har

46 www.husweb.no (lasta ned 10.02.2009) mi kursivering

47 http://www.stavanger.steinerskolen.no/web/arkitektur/dagbladet.html (lasta ned 10.02.2009)

48 www.husweb.no (lasta ned 10.02.2009)

32

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!