12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

slike harde betongbygg. Arkitekturen viser fellestrekk med den effektiviseringa av

byggeverksemda som prega etterkrigsåra rundt om i Europa. Ei slik utforming og formspråk

vert ofte kalla systemarkitektur og denne retninga fekk seinare kritikk for si enkle form og

manglande individualitet 35 . Kritikken som formar seg ut over på 50 talet skaper ein reaksjon

mot modernismen og arkitektane byrjar å leite etter nye vegar og ideal å forme arkitekturen

etter.

Den organiske arkitekturen

Etter 2. verdskrig var det stor debatt blant arkitektar og skribentar om kva som var god

arkitektur. Nokon ville vidareføre den funksjonelle tradisjonen, medan andre meinte at det var

på tide med ein ny og forbetra utgåve av modernismen. 36 Det utvikla seg ein retning som ein

etter kvart kalla for organisk arkitektur. Karakteristikken organisk er sannsynleg blitt nytta

fyste gong av den amerikanske arkitekten Louis Sullivan i boka Kindergarten Chats frå 1901.

Han uttrykker at innanfor dette ligg det ein tanke om at arkitekturen skal vere ledd i ein

heilskap og inngå i eit organisk heilskapleg system. Arkitekturhistorikaren Bruno Zevi legg

vekt på at det nesten er umogleg å finne ei fyldig forklaring på kva som definerar den

organiske arkitekturen. Frank Lloyd Wright overtek omgrepet, men nyttar det på ein difus

måte og i hans terminologi kan ein oppfatte at det uttrykker hans eigen måte å bygge og forme

på. 37 Dette formspråket vert også adoptert til større prosjekt og offentlege bygg, og

formspråket gjorde seg spesielt gjeldande utover på 60 og 70 talet. Ein ser blant anna at

skuleanlegg vert forma etter nye arkitekturprinsipp enn det som råda innan den reine

modernismen. Loddefjord skule representerar på fleire måtar eit brot med det formspråket

som har sett spor etter seg tidlegare i hundreåret.

Loddefjord skule 1974

Loddefjord skule er ein barneskule lokalisert i drabantbyen Loddefjord som tok form på 70

talet. Skulen er teikna av arkitektgruppa CUBUS, der Borgen, Brochmann og Hatløy stod som

sentrale arkitektar på dette prosjektet. Bygget stod ferdig i 1974 og var eit eksperiment innan

skulebygging, noko som gjorde at skulen fekk A. C Houens fonds diplom i 1988. 38

35 Lund (2001) s. 58

36 Lund (2001) s. 14-16

37 Lund (2001) s. 18

38 Arkitekturguide Bergen s. 181

24

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!