12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Kunstens uttrykksformer og estetikk taler til menneska sine sansar og kjensler, på same måte

som ideologien bygger sitt fundament på dei same grunnleggande verdiane (fig. 61).

Det filosofiske grunnlaget har klare fellestrekk med den romantiske arkitekturteorien ,arts and

crafts rørsla, som vert nytta som førebilete i utforminga av Loddefjord og Steiner-skulen i

Stavanger (fig.62 og 63). Dei eventyraktige formene hjå Steiner-skulen kommuniserar med

det folkelege og taler til sansane og kjenslene. Det nasjonale elementet vert henta fram i ei

arkitekturform som er tilpassa den norske naturen og landskapet, samtidig som naturlege

materiale kan knytast til det typisk norske (fig.62). Ut i frå dette kan ein sei at det på kvar sin

måte vert naturleg å nytte det romantiske formspråket innanfor barnehagar, skular, museum

og kyrkjer då kvar institusjon på ulik måte refererar til eit tankemønster som har sitt utspring

frå den romantiske filosofien.

Fig. 62 - Steiner-skulen i Stavanger Fig. 63 - Loddefjord skule

Vi har no sett på to ulike idéhistoriske ideologiar som har vokse fram gjennom ein lang

vestleg tradisjon. Tankane kan sporast langt tilbake i tid og representerar difor eit anna

samfunnsgrunnlag enn det vi ser i moderne tid. Det kan difor vere interessant å sjå kva tankar

som veks fram ved moderniseringa og industrialiseringa av samfunnet, og samtidig

samanlikne dette med arkitekturteoriane og prinsipp som skulearkitekturen vert forma etter.

Pedagogisk fabrikkarkitektur

Slutten av 1800 talet representerar eit samfunn i endring med industriell utvikling og store

delar av samfunnslivet endra sin struktur. Samfunnstilhøva reiser nye spørsmål til estetikk og

livsførsel, dermed forma arkitekturteorien seg som resultat av det moderne samfunnet.

Arkitekturen skal gjennom sitt formspråk demonstrerer og visualisere det moderne samfunnet

66

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!