12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

utvikling der skulens læreplanar og læringsteoriar sett spor etter seg. Den einsarta

pedagogiske plattform kan dermed ikkje komme til uttrykk like klart som hos Steiner-skulens

bygg. Dette resulterar i at vi då sitt med ein mangfaldig skulearkitektur å tilby norske

skuleborn, og denne problemstillinga byr på fleire utfordringar.

Nokon utfordringar ved norsk skulearkitektur

Vi har tidlegare sett at skulearkitekturen kan delast inn i to ulike paradigme, ein auditorieskule

og ein laboratorieskule. Den gjeldane undervisningsforma i dag er karakterisert ved at den

sameinar desse to organiseringsformene slik at dei opptrer side om side. 172

Undervisningslaupet er ofte samansatt av ein formidlingsdel (auditorium) slik at elevane har

fått tak i dei nødvendige føresetnadane for å gå i gong med vidare sjølvstendig arbeid eller

samarbeidsoppgåver (laboratorium). 173 Informasjonsformidlinga er ikkje noko isolert mål i

seg sjølv då arbeidet med å bygge opp kunnskap, opparbeide dugleik og utvikling av

haldningar er sjølve målet med undervisninga. 174 Dette reiser ei problemstilling rundt

bygningens utfordring i høve å imøtekomme balansen mellom behovet for formidling og

arbeidsøkt. Rektor ved Landås gjev stikkord som: ulike læringsstilar, variasjon og samarbeid

som karakteristikk for det nye undervisningslandskapet, og merkelappen for ein slik type

skulebygg er fleksibilitet. 175 Einar Muren er ein pedagogikkprofessor som set søkjelyset på

nokon utfordringar i høve skulearkitektur, og artikkelen - Skulebygg i spenningsfeltet mellom

arkitektur og pedagogikk, innleiar han på fyljande måte:

Krav til varierte undervinsingsmetodar og fleksibel organisering, set nye krav til skulebygg som skal gi

gode rammevilkår for å lukkast i læringsarbeidet. Dei bygningane vi tilbyr vil ha stor tyding for det

læringsmiljøet og dei læringsaktivitetane som vert tilbodne. Skulebygget set grenser og gir

handlingsrom. Det kan fungere som ein belastingsfaktor eller som ein stimuleringsfaktor for læring. 176

Skulebygningane som er framstilt i denne oppgåva, både den offentlege og Steiner-skulen, er

forma etter einskilde pedagogiske prinsippet som representerar skulanes historiske tid.

Arkitekturens rammer har moglegheit til å opne opp eller lukke att for ulike typar aktivitetar

og undervisningsmetodar. Muren legg vekt på at born og unge har lovfesta rett til ei

likeverdig opplæring, men dei vert tilbodne skulebygg av svært ulik standard og kvalitet. Han

peikar på spennvidda frå nye bygg med relativ fleksibel romløysing, 50 tal funkis med

172 L-06

173 L-06 S. 14

174 L-06 S. 10

175 Intervju rektor Landås

176 Muren. http://skoleanlegg.utdanningsdirektoratet.no/asset/1298/1/1298_1.doc lasta ned september 2009 s. 3

86

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!