12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Utviklinga av skulebyggets form og uttrykk

Skulebygget utforming representerar eit breitt spekter av formuttrykk, alt frå små skulestover

til monumentale byggverk. Dei moderne skuleanlegga frå dei siste hundre åra viser nok den

største skilnaden i form og uttrykk, og det er nettopp desse bygga eg ynskjer å sjå nærare på i

dette kapittelet. Nokon dømer på elde skulebygg frå 1700 og 1800 talet vil fungere som

samanlikningsgrunnlag og historisk bakteppe for dei endringane som skjer ved førre

hundreårskifte. Vidare kan ein så undersøke korleis skulearkitekturens formspråk har utvikla

seg frå tidleg 1900 tal og fram til i dag. Med ein arkitekturanalyse, av dei tidlegare

introduserte skulebygga, som utgangspunkt vil eg prøve å finne likskap og skilnader mellom

anlegga og diskutere kva faktorar som påverkar utviklinga av skulearkitekturen.

Initiativet til allmenn skule og undervisning i Noreg kjem historisk sett frå kyrkja, med Martin

Luther og reformasjonen på 1500 talet. Vi hadde det ein kallar ein kristendomsskule heilt

fram til 1860 med opplæring mot konfirmasjonen som føremål. 14 Ein meir folkeleg- nasjonal

og borgarleg skule tek form etter dette, og den norske skulen har etablert seg både i by og på

landet. Skulens verksemd i form av undervisning og læring trong sjølvsagt

undervisningslokale der elevane kunne samlast rundt eit pedagogisk innhald. På landet fekk

mange born opplæringa si i mindre skulestover heilt fram til midten av 1900 talet. Slike stover

var ofte utforma i tre eller tømmer, og hadde ei

rektangulær form som husa eit lite klasserom og

eit enkelt rom som fungerte som bustad for

læraren (fig. 3). Eit døme på ei slik skulestove

finn vi innanfor sunnfjord museums samling

lokalisert i Sogn og Fjordane. Ei lita kvitmåla

stove, tidlegare i bruk i Guddal, fungerte som

skulebygg for elevar på landsbygda (fig.1).

Interiøret har skulebenkar utført i tre der det er plass til 3-4 elevar per benk. Fig. 1 – Skulestove

Benkane er plassert på rekke og rad føre eit høgt kateter, tavle og ulike plansjar (fig.2).

14 Erling Solerød, Pedagogiske grunnproblemer i historisk lys. (Tano AS 3.opplag, 2004) s. 38-40

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!