12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

vert rekna for å vere grunnleggaren av vitskapleg pedagogikk, og eit av oppdragingsmåla var

moralsk karakterstyrke. 69 Ut i frå dette kan ein tolke at pedagogikken har eit einsrette fokus på

auka kunnskap der streng kontroll og disiplin var middel for å nå dette målet. Enkelte av desse

ideane kan sporast heilt tilbake til antikken, med utgangspunkt i Platon og Aristoteles sin

filosofi. Sentrale rørsler eller institusjonar har også vore med å påverka denne tankegangen.

Blant anna reformasjonen og pietismen, jesuittane, opplysningsfilosofane og nyhumanismen.

Fellestrekk for desse grupperingane er ei målretta fokusering der kunnskap vert vegen og

middelet for å nå målet. Eit slikt mål er til dømes kristendomskunnskap som vegen til å kome

nærare Gud, opplæring i korleis ein kunne vere eit godt menneske og leve riktig eller

kunnskap innan vitskapens området som middel til å bli eit intellektuelt menneske. I det heile

tatt ein kunnskapssentrert ideologi.

Ser vi til norske læreplanar kan vi finne ut at ulike pedagogiske ideologiar i varierande grad

har gjort seg gjeldande gjennom 1900 talet. Det var på byrjinga av hundreåret at tradisjonen

for sentrale læreplanar veks fram, og perioden er prega av konservativ pedagogisk tenking der

det faglege innhaldet vert sett i fokus. 70 Tidleg på 1900 talet var det ei vektlegging på

lærestoffet som i hovudsak råda. Ser vi til den arkitektoniske utforminga av skulebygget kan

vi finne att nokon av desse tankane. Den framheva og prestisjefylte plasseringa i landskapet

minner oss på at kunnskap og utdanning var verdsett som eit viktig moment i samfunnet på

denne tida. Vi kan tolke denne posisjonen som eit teikn på at kunnskap representerar makt og

utvikling. Kunnskapsproduksjon er viktig og dette blir symbolisert gjennom arkitekturen. Det

enkle og stramme formspråket gjev oss assosiasjonar til ein pedagogikk prega av disiplin der

det strenge og skjematiske tek styringa. Eit dominerande og massivt arkitekturutrykk viser

også igjen den litt formanande forma som læringsteorien romma, då læraren står over elevane

og formidlar kunnskapen (fig. 51 og 52).

Fig. 51 – Klasserom Landås Fig. 52 – Formidling ved Landås

69 Imsen (2003) s. 30

70 Imsen (2003) S. 182

45

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!