12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Fig. 46 – skulens bakside

Baksida av skulebygget har former og fargar som skil seg ut i høve det vi ser i fasaden. Her

finn vi meir kvadratiske modular som har fått individuelle primærfargar i grønt, raudt og blått

(fig.46). Dei kvadratiske formene vert åtskilt av lågare modular med open glasfasade og

utvendig gangsone med overhengande baldakin. Dette gjev uttrykket ei repeterande rytme og

eit variert og samansatt formspråk. Det komplekse anlegget kan gje assosiasjonar til den

spenningsfylte dekonstruktive arkitekturteorien som har gjort seg synleg i nyare byggverk.

Vidare finn vi også element av rettvinkla former og ein strammare komposisjon. Eg tenkjer då

på dei kubiske arkitekturmodulane på baksida av anlegget. Her er det funksjonalistiske

uttrykket representert med sine rette geometriske former, samanhengande vindaugsband,

paviljongar med overhengande baldakin, søylerekke og innslag av open fasade. Dette er trekk

som heilt tydeleg viser referansar til modernismens formspråk. Ut i frå dette kan vi

karakterisere bygget som samansatt og variert då fleire uttrykk er representert i eit og same

bygg. Dette er det som også karakteriserar dagens arkitektur, at ein låner litt frå ulike periodar

og sett det saman på nye måtar og skaper slik eit nytt og moderne utrykk.

Samspel med omgivnadane

Dette skulebygget skil seg frå dei føregåande ved å opptre i ein anna kontekst. Skulen ligg for

seg sjølv og inngår i eit landleg miljø der naturen vert ein nær nabo. Dette kan vi også spore i

utforminga av dei arkitektoniske elementa då dei føyer seg etter formene i landskapet og

hentar opp formasjonar frå naturen rundt. Ei horisontal orientering og ein kompleks

bygningskropp gjev oss inntrykk av at skuleanlegget passar inn og vert eit naturleg innslag i

landskapet. Skulen opptrer side om side ved tre, busker og små berg, noko som også

understrekar arkitekturens nærleik til omgivnadane. Den kontrastfylte fargen og innslag av

rette linjer er moment som bryt med omgivnadane og markerer bygget i terrenget og gjev slik

skulen merksemd.

39

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!