12.07.2015 Views

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

M1A2 har innleggsplater med mellom eitt og totonn utarma uran på kvar vogn. Det amerikanskeflyet A-10 Thunderbolt (også kalla Warthog) brukaruranammunisjon. Det gjer også Harrier-flya, Apachehelikoptera og stridsvognene M1. Dei nye flya JointStrike Fighter F-35, som også Noreg skal kjøpe,er planlagd for uranammunisjon. Styrde bomber,”cruise missiles”, bunker bomber og rakettar inneheldtungmetall der litt av det, eller alt kan vere uran, mendette er ikkje dokumentert.Det er kjent at USA har eksporterturanammunisjon til Egypt, Israel, Jordan, Pakistan,Saudi-Arabia og Tyrkia. Ein reknar med at Russlandhar eksportert til Finland, land i Aust-Europa, Indiaog Syria, men det er dårleg dokumentert.(5,8)Offisielle rapportar om helse og miljøeffekt vedbruk av DU i ammunisjonDen intense og aukande interessa for helsatil soldatane som deltok i den første krigen i Iraki 1991 og i konfliktane på Balkan i åra etter, ogsivilbefolkninga i desse områda, har ført til kunnskapom at helseeffekten ved bruk av uranammunisjoner mykje større enn militæret som brukte det,og regjeringane som godtok bruken, har hevda.Pentagon, NATO og EU har heile tida nekta for atdet er nokon samanheng mellom påvist sjukdomhos veteranane og sivilbefolkninga, og brukenav uranvåpen. Støtte i dette har dei fått frå FNorganisasjonane World Health Organization (WHO),International Atomic Energy Agency (IAEA), UnitedNations Committee on the Effects of AtomicRadiation (UNSCEAR) og United Nations EnvironmentProgramme (UNEP).(9)WHO kom med ein stor rapport i 2001 medtittel: Depleted Uranium. Sources, exposure andhealth effects. Denne rapporten har blitt følgd oppmed mindre rapportar, den siste så langt kom i2008. Rapporten frå 2001 er ei grundig, historisk ogteoretisk handsaming av uran og helseproblem. Deibyggjer på erfaringane med arbeidarane i urangruverog i atomindustrien. Felles for desse rapportane er atdei ikkje tek opp det spesielle med nano-partiklaneog blandinga med andre giftige tungmetalloksidi DU-gassen. Denne gassen inneheld partiklar somikkje finst i urangruver og atomanlegg. Dei harunnlate å vise til ei heil rekke med fagfellevurderteartiklar som er publiserte. Dei nemner ingenting omden mutagene og kreftframkallande effekten av DU.WHO blei i FN-resolusjonen i 2008 bedt om å kommemed ein oppdatert ny rapport til dette skulle takastoppatt i FN i 2010. Det fekk dei ikkje gjort, men harsagt i frå om at dei arbeider med saka. (2)I WHO sitt siste skriv til generalsekretæren iFN i 2008 skriv dei at dei vil oppdatere seg på nyeepidemiologiske og eksperimentell granskingar, menventar ikkje å komme fram til nye konklusjonar. Detteer jo eit politisk standpunkt og ikkje eit vitskapleg.WHO byggjer på International Commission onRadiological Protection (ICRP) sin modell nårdei reknar ut strålingsdosar og har akseptertrisikovurderinga frå International Basic SafetyStandard (BSS). Denne byggjer på ein ”tap/vinningteori”, som aldri kan brukast på risikovurdering avvåpen. Når det gjeld uranvåpen så vil dei menneskasom er skada av desse våpna aldri oppleve fordelenved dei.WHO understrekar at det er mykje vi ikkje veit,og at vi treng meir forsking. Men dei foreslår ikkje”føre-var prinsippet” som vart så sterkt framhevapå den store miljøkonferansen i Rio i 1992. Tvert imot slår dei fast at generell gransking og målingarfor å finne mogelege DU- relaterte helseeffektari folkegrupper der dette har blitt brukt, ikkje erturvande. Dette står heilt i strid med WHO sitthovudoppdrag: å verne menneska på jorda motmiljøskadar og sjukdom.IAEA har evaluert miljø- og helseeffekt avuranvåpen i dei forureina områda i lag med UNEPog WHO. Dei har fagfolk når det gjeld radioaktivtmateriale og har både ansvar for rådgjeving og tilsynmed forsvarleg bruk og lagring av dette. IAEA girsom råd til dei nasjonale styresmaktene når det gjeldmiljø-forureining etter bruk av uranammunisjonat dei skal samle saman alle restane etter DUammunisjonenog alt krigsutstyr som har vore idirekte kontakt med denne ammunisjonen. Såskal dei isolere det på ein høveleg stad langt unnamenneske og matproduksjon til det til slutt kanbli trygt deponert som lågradioaktivt avfall. Mennokon stader kan det vere nok å dekke over denforureina jorda med rein jord, hevdar dei. Genereltkonkluderer IAEA med at den radiologiske risikoener liten og kan kontrollerast med enkle tiltak frådei nasjonale styresmaktene. Med dette har IAEAblokkert internasjonal hjelp til dei forureina områdaog folka som bur der.I Noreg ga Forsvarets Forskings institutt (FFI) utrapporten: Ammunisjon med utarma uran-Bakgrunnog virkninger. Dei viser til WHO sin rapport som komnokre månader før og hevdar at det i litteraturenikkje finst bevis på at soldatane under Golfkrigenskulle ha vore utsett for så mykje utarma uran at detville føre til negative helseeffektar.(5)Alle dei nemnde rapportane har det til fellesat dei ikkje byggjer på epidemiologiske granskingarav veteranane og folk i dei aktuelle områda, men påteoretiske utrekningar og vurderingar.Andre kjelder til informasjon om DU og helseDet er dei nemnde offisielle rapportanebåde politikarane og det militære viser til når deigodtek bruken av uranvåpen. Men det finst mangeandre pålitelege kjelder til kunnskap om dessevåpna. Dei første som reagerte var journalistar,folk i hjelpeorganisasjonar, uavhengige forskarar62

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!