12.07.2015 Views

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

I debatten omkring folkerøystinga hausten1994 då vi skulle stemme ja eller nei til norskmedlemskap i EU var Euratom eit ikkje-tema. Slikvar det ikkje i Austerrike som hadde folkerøystingomtrent samstundes. Austerrike har som Norgesagt nei til atomkraft. Likevel var dei redde for å bliein del av det europeiske atomprogrammet vedå bli medlem i EU. Dei var redde for å tape kontrollmed transport av radioaktivt materiale gjennomlandet, kontroll med fastsetting av grenseverdiarfor radioaktivitet i mat og dyrefôr og redde for åbli tvinga til forskingssamarbeid. At senteret foratomteknologi i Europa ligg i Brüssel gjer det omtrentumogeleg for lokale og regionale folkegrupper åpåverke utviklinga.EuratomdirektivEuratom har i alle år sendt ut direktiv gjennomEU-kommisjonen til alle medlemsland. Direktivakan handle om alt frå tryggleik ved atomkraftverk,handsaming av radioaktivt avfall, til medisinsk brukav radioaktive stoff og strålevern. Det er meiningaat desse direktiva skal innarbeidast i medlemslandasine lover. Dette er fullmaktslover og dei nasjonalemyndigheitene står i prinsippet fritt, men reglanesom blir innarbeidde i lovene skal basere segpå prinsippa i Euratomdirektiva. Dette har ikkjebetydd noko for Norge sidan EURATOM ikkje ermed i EØS-avtalen. Likevel har Norge plukka utregler frå Euratomdirektiv når vi har hatt bruk fordet. Frå Euratomdirektiv 97/43 som handlar om”Strålingsbeskyttelse og sikkerhet ved medisinskbruk av ioniserende stråling” har Statens Stråleverntatt regler som har blitt norsk lov på dette området.Euratomdirektiv 96/29 av 13. mai 1996 bleisendt ut til alle EU-land og landa blei bedne omå implementere det som lov før 13. mai 2000. Detblei ikkje sendt til Norge, men 12. mai 2000 vedtokStortinget ei ny Lov om Strålevern der deler av dettedirektivet er teke med. Særleg paragraf 20 i dennye Strålevernlova er vanskelig å forstå utan at einkjenner innhaldet i Direktiv 96/29. Paragraf 20 lyderslik: ”[S]tatens strålevern kan nekte import elleromsetning av ethvert produkt eller stoff og enhvervare som kan medføre en helse- eller miljørisiko pågrunn av stråling, forutsatt at dette ikke strider motinternasjonale avtaler som Norge er tilsluttet.”(3)Direktiv 96/29 blei diskutert i mange europeiskeland og det oppstod protestaksjonar der EuropaParlamentet deltok aktivt. Det førde til at direktivetberre blei delvis implementert innan fristen i mangeland for eksempel England og Frankrike. I Norge blei”Lov om strålevern og bruk av stråling” vedtekensamrøystes og utan debatt.Euratomdirektiv 96/29 handlar om to ting: 1)Auka vern av helsa til arbeidarane i atomindustrienog vanlege borgarar frå skadane ved ioniserendestråling. 2) Få til ein felles internasjonal standardsom skal harmonisere grensene for radioaktivstråling i alle EU-land. Men i eit tillegg til direktivetblir grensene for når eit stoff/ting skal handsamastsom radioaktivt avfall endra. Det er sett opp eiliste over 300 radioaktive isotopar (naturlegeog menneskeskapte) med nye grenseverdiar fortillaten aktivitet (målt i Bq og Bq/g). I artikkel 3.2står det at det er ikkje lenger krav om rapporteringav utslepp og bruk av radioaktive stoff dersommengda eller konsentrasjonen av dei radioaktiveisotopane ligg under det som er oppgjeve i lista.Dette opnar for at atomindustrien kan spreie nokretypar radioaktivt avfall i miljøet, uttynne radioaktivtavfall med vanlig avfall, deponere det som søppeleller blande radioaktivt materiale i forbruksvarer ogbygningsmateriell.Atomindustrien er på desperat jakt etterstadar og metodar for å kvitte seg med dei storemengdene radioaktiv avfall som har samla seg deisiste femti åra, og som for det meste ligg uforsvarleglagra. Og atomkraftverka produserer heile tida nyttavfall og har ingen stad å lagre det trygt. Dumping isjøen blei forbode i 1996, og ingen vil ha dette i sinbakgard. I Sverige har dei i mange tiår diskutert kvardet høgradioaktive avfallet skal plasserast. I Norgeligg vårt avfall mellombels lagra ved reaktorane iHalden og på Kjeller. Dette høgradioaktive avfalletbør lagrast slik at det ikkje kjem i kontakt med luft ogvatn minst i 200 000 år!!Mykje av det lågradioaktive avfallet kan einno på grunn av Direktiv 96/29 bli kvitt ved å tynnedet ut til radioaktiviteten ligg under verdianefrå isotoplista i direktivet. OECD har rekna ut atnedbygginga av hundrevis av gamle atomanlegg iEuropa dei neste tiåra vil frigi 30 millionar tonn medradioaktivt metall i tillegg til større mengder andretypar bygningsmateriell. Det blir mykje lettare å blikvitt dette når det er lov å gjenbruke det og spreiedet tilbake til miljøet. Grenseverdiane for tillatenaktivitet frå dei 300 isotopane har auka mykje fråtidlegare nivå, og auken er størst for dei isotopaneatomindustrien har mest problem med. Tritium harfått ei grense på 1000 000 000Bq/kg, Krypton-85 har100 000, Strontium-90 har 10 000, Cesium-137 har10 000. Nå er det ikkje fritt fram å blande radioaktivestoff i kva som helst. I artikkel 6.5 står det at det erikkje lov å tilsette ”deliberate” radioaktive stoff iproduksjon av mat, leiketøy, smykke og kosmetikk.(4)Det har gått nokre år sidan dette direktivetkom. Det som er viktig no er å finne ut kor mangeland i Europa som har implementert direktivet inasjonal lov, og korleis lova blir brukt. Vidare er detviktig å finne ut om det i dag blir produsert varer ogmaterial som er blanda med radioaktivt avfall. Omså er tilfelle: kvar blir det produsert, kor mykje, kvenkjøper og brukar det?84

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!