12.07.2015 Views

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

folk og miljø som brukar stråling. Kommisjonen erheller ikkje ei gruppe av uavhengige vitskaplegeekspertar. ICRP har aldri teke parti for ofra etterbombetesting, atomulukker eller eksperimenteringmed radioaktivitet på menneske. Det siste foregjekk IUSA i stor grad i tidsrommet 1944-1974.Då reglane for strålevern først vart utvikla, vardet atomkrigen ein planla og frykta. Grenseverdianevart fastslegne for å verne soldatane og finneut kor mykje dei tålte utan å bli stridsudyktige.Hovudstraumen av forsking var ikkje opptekenav rapportane om spontanabortar, barn medlåg fødselsvekt, auke i barnedød og medføddemisdanningar som følgje av eksponering forradioaktivitet.Dei første grenseverdiane til ICRP var 150mSv/år. Dette vart redusert til 50mSv for arbeidarane iatomindustrien og 5mSv til vanlege folk. Dennegrensa stod fast til 1990, då presset frå meir enn700 forskarar og legar førde til ny reduksjon. Ei avdei som var aktive i denne aksjonen var dr. RosalieBertell som alt i 1984 hadde gitt ut ei handbokfor å estimere helseeffekten frå eksponering avioniserande stråling.(4)I dag er grensene 20mSv/år for arbeidaraneog 1mSv/år til vanlege folk. Uavhengige forskararhevdar at dette stemmer bra for ytre stråling frårøntgen og gammastråling, men ikkje når det gjeldstråling frå radioaktive isotopar inne i kroppen.Dette er godt underbygt med forskning, spesielti åra etter Tsjernobylulukka. ICRP blir kritisert for atdei ikkje tek omsyn til dette, men nyttar ein utdatertmodell for å fastsette stråledosar. Ei gruppe avuavhengige forskarar med Chris Busby i spissen tokdenne utfordringa og stifta i 1997 “The EuropeanCommittee on Radiation Risk”. I 2003 gav dei ut sinførste rapport med nye retningslinjer for strålevern.Til dette fekk dei støtte av Dei Grøne og andremedlemmar i Europaparlamentet.(5)Starten på sivil atomindustriI 1954 testa USA si første hydrogenbombe ogdemonstrerte at eit atomvåpen som var tusen gongersterkare enn Hiroshimabomba kunne lagast. Det vardenne hendinga som førde til Dwight Eisenhower sitale om “The Peaceful Atom” i FN der han gjekk innfor sivile atomkraftverk. Dette førde til starten påutvikling av sivil atomindustri parallelt med vidareutvikling av den militære atomindustrien i USA.Sivil <strong>atomenergi</strong> vart lansert som løysinga på verdasenergibehov. FN svara på dette med å opprette “TheUnited Nations Scientific Committee on the Effects ofAtomic Radiation” (UNSCEAR). Denne organisasjonenfekk som oppgåve “å vurdere og rapportere omeffektar av eksponering frå ioniserande stråling”.I følgje UNSCEAR si heimeside er regjeringar ogorganisasjonar over heile verda avhengige avkomiteen sine vurderingar, som den vitskaplegebasis for å vurdere strålingsrisiko. UNSCEAR vartdanna som ein organisasjon av berre fysikarar ogdet var ofte dei same fysikarane som arbeidde iatomindustrien. Fleire av desse var også medlemmarbåde i ICRP og UNSCEAR på same tid. Dette betyrat dei same personane er med og bestemmer bådereglane for strålevern og den vitskaplege vurderingaav dei. Atomindustrien vart frå starten av ein industrisom kontrollerte seg sjølv.I 1957, også som reaksjon på Eisenhower sitale, oppretta FN organisasjonen “InternationalAtomic Energy Agency (IAEA). Denne organisasjonenfekk som mandat å arbeide for å utvikle og utbreiesivil atomkraftindustri som skulle føre til fred, godhelse og velstand over heile verda. Dei skulle påsame tid halde kontroll med materiale og teknologislik at det ikkje vart brukt til å lage atomvåpen, menfekk ikkje noko mandat til å kontrollere dei femetablerte atomstatane. (USA, Sovjet, Kina, Frankrikeog Storbritannia). På grunn av at IAEA fekk somoppgåve å overvake spreiing av atomvåpen, skaldei rapportere direkte til Tryggleiksrådet i FN, ogstår difor over alle dei andre atomorganisasjonanei FN, som rapporterer til Generalforsamlinga. IAEAhar sekretariat i Wien med 2200 tilsette frå 90 land.Dei driv eller støttar forskingssenter og vitskaplegelaboratorier i mange land. Inspektørar reiser omkringfor å passe på at fissilt materiale og aktivitetar ikkjeblir brukt til militære formål. Dei overvakar Ikkjespreiingsavtala (NPT) der 145 land i 1970 forpliktaseg til eit endeleg mål om total atomnedrusting.Dei hjelper og land å utvikle fredeleg atomvitskapog teknologi innan energi, miljø, helse, industriog jordbruk, på same tid som dei hjelper til med åstyrke atomtryggleik og vern av folk og miljø motunødvendig radioaktiv stråling. I dette arbeidetbrukar dei ICRP sine grenseverdiar og modellar, sombetyr at menneske og miljø skal eksponerast for sålite stråling som mogeleg, utan at det går utoverarbeidet i dei anlegga og den aktiviteten som erårsaka til stålingseksponering. (6)WHOThe World Health Organization (WHO) vartoppretta av FN alt i 1948. Ein skulle trudd at alle deinye atomorganisasjonane ville gått til medisinaranei WHO for å be om hjelp og samarbeid i prosessenmed å vurdere strålingsrisiko. Det gjorde dei aldri.Det var ICRP som fekk den oppgåva. WHO fekk ingarolle i å vurdere helseskadane frå denne nye globaletrusselen for menneske og økologiske system.Deira rolle blei å pleie offera utan å prøve å forståårsakene til sjukdom og skadar som vart observerte.Heilt frå starten var det ei interessekonflikt mellomWHO som hadde som mandat å ta vare på helsa tilmenneska i heile verda, og IAEA som hadde sommandat å spreie sivil atomteknologi til heile verda.Skræmde av atomtestane i atmosfæren kalla WHO69

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!