12.07.2015 Views

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Eva FidjestølTsjernobylDen 26. april 1986 kl. 01.24 skjeddedet ein eksplosjon i reaktor nummer fire vedkjernekraftverket Tsjernobyl i Ukraina. I april 2011kan vi markere at det har gått 25 år sidan denneulukka hende. Eksplosjonen i reaktoren og brannenetterpå førde til at mange tonn med radioaktivt støvvart slynga ut i lufta. Det vart ført med vinden og kommed regn og som tørt nedfall både på den nordlegeog sørlege halvkule. Emisjonen av radioaktive stoffvarde i ti dagar og i følgje ulike uavhengige kjelderslapp det ut mellom 3,5 og 2 milliardar Curieradioaktivitet. International Atomic Energy Agency(IAEA) har estimert dette til berre 200 millionarCurie. (Ein Curie (Ci) = 37 milliardar Becquerel (Bq),og 1 Bq= 1desintegrasjon per sekund.) Alt 29. aprilvart det målt høge verdiar av radioaktivitet i Polen,Tyskland, Austerrike, Romania, Finland og Sverigeog innan 6. mai vart det målt nedfall frå Tsjernobyli Norge, Storbritannia, Hellas, Israel, Kuwait, Tyrkia,Japan, Kina, India, USA og Canada. På mindre ennto veker hadde Tsjernobyl blitt eit globalt problem.Meir enn 40 prosent av Europa vart forureina medover 4000 Bq/m 2 . Dette førde til høge verdiar avradionuklidar i sopp, bær, mjølk, kjøt, fisk, husdyr ogville dyr i mange land i Europa, også i Norge. Detteførde igjen til radioaktiv eksponering av folk, først ogfremst i dei tidlegare Sovjetrepublikkane Russland,Kviterussland og Ukraina, men også i Skandinavia,Bulgaria, Polen, Tyskland og andre europeiske land.Men Tsjernobylulukka gjekk verst utover Kviterussland der omkring 70 prosent avdet radioaktive nedfallet landa. 23 prosent avlandoverflate vart forureina med over 1 Ci/km 2berre frå den eine isotopen cesium Cs-137. For detvesle landet med ti millionar innbyggjarar vart dettil ei nasjonal ulukke. Under andre verdskrigenøydela tyskarane 619 kviterussiske landsbyar ved åbrenne både hus, dyr og folk. Etter Tsjernobyl vart485 landsbyar og tettstadar så sterkt forureina atdei måtte fråflyttast. 70 av desse er for alltid gravnened. Husdyra vart skotne og saman med husa medblomar i vindauga og mat på bordet, hagar medgrønsaker, frukttre, bærbuskar og klesnorer medtøy til tørk, vart alt kasta ned i eit stort hol i jordaav store traktorar. Traktorane ligg i dag i haugarmed radioaktivt avfall innanfor tremilsgrensaomkring reaktoren. Der landsbyane låg er detstore grøne sletter. Mange hundre landsbyar søvein Tornerosesøvn der tre og buskar og gras veksvilt omkring folketomme hus. Byen Pripyat med50.000 innbyggjarar før katastrofen er i dag einspøkelsesby der ingen får lov å bu. I alt 400.000menneske måtte flykte. Det er ikkje rart at folk i desseområda opplever dette som ein krig. Og fienden erdet fredelege atomet. Hos dei eldre blir trauma fråden andre verdskrigen vekte til live. I dag bur detni millionar menneske i dei radioaktivt forureinaområda i Kviterussland, Russland og Ukraina. Deifår dagleg i seg radioaktiv forureina mat og vatnog 80 prosent av menneska lir av ulike sjukdomar.12.000 personar, dei fleste barn, har blitt operert forskjoldbruskkjertel-kreft og mange hundretusen harandre skadar i denne kjertelen. Leukemi og andreformer av kreft er det 50 gonger så mykje av i dagsamanlikna med åra før katastrofen. Av dei 900.000”likvidatorane” som var ryddemannskap omkringden øydelagde reaktoren og som bygde sarkofagener omtrent alle dei overlevande i dag alvorleg sjuke. Ifølgje røffe overslag frå ulike uavhengige kjelder harTsjernobyl så langt vore årsak til meir enn ein milliondødsfall. (1)Det som er skissert ovanfor er ikkje detoffisielle synet på konsekvensane av Tsjernobylkatastrofen.Denne hendinga for 25 år sidan somskaka opp heile verda er i dag nesten gløymd og nyekriser og katastrofar dominerer i media. Men dei somopplevde Tsjernobyl på nært hald gløymer det aldri.For dei er liver delt i to, tida før og etter katastrofen.86

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!