12.07.2015 Views

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

med sin rapport der dei enno sterkare hevdar at dendel av verksemda i Halden som forskar på MOX, ogdermed støttar produksjon, transport og bruk avdette kjernebrenselet, strir mot norsk miljøpolitikkog ikkje-spreiingspolitikk av kjernevåpenmaterial.Dei slår og fast at forskinga i liten grad betyr noko fornorsk atomtryggleik.(11,12,13)Transport av radioaktive stoffI England blir dei brukte tørre brennstavanefrå eigne kraftverk sendt til Sellafield med tog ispesielle transportflasker. Brennstavane som ersterkt radioaktive blir tekne ut av flaskene under vatnog lagra for avkjøling til dei blir hakka opp og blandamed syre før gjenvinning. Det brukte brenselet fråutlandet kjem med spesialbåtar til Barrow i Furnessog blir sendt vidare med bil og tog til det blir plasserti dei to åtte meter djupe lagerbrønnane som er fellesfor både innanlandsk og utanlandsk brukt brensel.Etter gjenvinninga blir det glasifisertehøgaktive avfallet og plutoniumet i form av oksideller MOX sendt tilbake til dei landa det kom i frå.Denne transporten går både med båt, tog og bil.Dette er risikotransportar som blir følgde med væpnapoliti og nokre gonger helikopter.Den første sendinga med MOX frå Sellafieldtil Japan gjekk med det spesialbygde skipet ”PacificPintail” i 1999. Dette vart ein stor skandale. Det synteseg at SMP hadde juksa med kvalitetstryggleiken avMOX-brennstoffet. Japanarane nekta å ta i mot detog skipet måtte returnere den lange sjøvegen tilbaketil Sellafield med den farlege lasta. Dette utsette detoffisielle løyve til å produsere MOX i SMP-anleggetsom først kom i 2001. To nye sendingar med MOX i1999 og 2001 er lagra i Japan og kjem aldri til å blibrukt. Etter dette har Japan gått over til å kjøpeMOX frå Frankrike. I mars 2009 gjekk det ei last fråCherbourg til Japan med MOX som inneholdt 1,8tonn plutonium, nok til 225 atomvåpen. 22. januar2010 starta ei sending med radioaktivt avfall fråSellafield til Japan. Det er tørt, glasifisert høgaktivtavfall etter gjenvinning som skal tilbake til landetdet kom ifrå. Avfallet er plassert i 28 stålkonteinararinne i ei stor gul metallflaske. Flaska blei først sendmed eit spesialtog til Barrow og vidare derifrå medspesialskipet ”Pacific Sandpiper”. Ruta gjekk gjennomPanamakanalen til Japan. I 2007 utførde selskapetPNTL 12 liknande transportar til Japan på oppdrag fråden franske atomindustrien. Dei reklamerer med atdei har sendt skip meir enn fem millionar miles medslik last utan ulukker med utslepp av radioaktivitet.Eit eksempel på ein annan risikotransportmed plutonium er skipet ”Pacific Pintail” somkom til Cherbourg i Frankrike i 2002 med 140 kgvåpenplutonium om bord. Velkomstkomiteen bestodav militærbåtar og helikopter. Greenpeace var der ògmen vart jaga vekk. Plutoniumet kom frå Los Alamosi USA med bil og vart sendt vidare frå ei amerikanskhamn med båt til Cherbourg. Derifrå gjekk reisavidare med bil til Cadarache i Syd Frankrike, eireise på i alt 6589 km. Dette var eit eksperimentfor å lage MOX av våpenplutonium frå demontertekjernevåpen. Dette er ein av framtidsplanane tilatomindustrien. På denne måten kan ein bli kvittlagera med våpenplutonium og løyse problemetmed minkande uranresursar. Planen er å sende dettilbake til USA som MOX der det skal prøvast ut.Risikoen ved slike transportar er at plutonium kanbli spreidd over store område ved trafikkulukker,brann, terrorisme eller sabotasje. Det er ikkje nokoteknisk problem å utvinne plutonium frå nytt MOXbrensel.Derfor fryktar ein at terrorgrupper kan fåtak i det. Det er lettare å utvinne plutonium frå nyttMOX-brensel enn frå vanleg brukt uranbrensel, somer farlegare og vanskelegare å handtere enn nyttMOX. Det er arrogant av USA å handsame ei lastmed plutonium på denne måten og samstundeskrevje av andre land at dei skal avstå frå spreiing avkjernevåpenmateriale. Desse transportane har opnaaugo på mange slik at dei har oppdaga tryggleiksogspreiingsproblema med fissilt materiale forårsakaav gjenvinning og plutoniumtransport.(10)NedbyggingAt NDA (Nuclear Decommissioning Authority)overtok leiinga av Sellafield i 2004 signaliserte eittidsskifte. NDA har ansvar og tilsyn med nedbyggingav atomanlegg i Storbritannia. Det betyr at Sellafieldhar gått inn i ein fase av nedbygging. På heimesidasi hevdar NDA at Sellafield i dag er verdas mestkomplekse og kompakte atomanlegg. Utfordringa idag er ei akselererande opprydding, oppreinsking ognedbygging kombinert med vedvarande kommersiellgjenvinning av brukt atombrensel og handsamingav radioaktivt avfall for langtidslagring. Dei tilstårat behovet for å generere inntekter samstundesmed aukande nedbygging og opprydding er ei storutfordring. Ein rapport som kom i 2006 legg oppplanane for dette arbeidet i eit langt perspektiv.Returnering av det glasifiserte, utanlandske avfalletskal vere avslutta i 2025. Handsaming av alt HALskal vere ferdig i 2095. Nedbygging av alle anleggog reinsing av jord og grunnvatn skal vere ferdig i2120. Men når ein les historia til Sellafield er det ikkjemykje som har gått etter planane. Om 110 år blirdette oldebarna våre sitt ansvar. Det er litt av ein arvdei har fått å forvalte.Men nedbygginga av Sellafield er i gang. Einarbeidsgjeng på 2240 mann arbeider berre meddette. 25 bygningar er trygt rivne ned så langt, ogdet er planlagt at det same skal skje med 150 til.Nedbygging betyr at bygningane blir tekne ut avaktiv bruk. Så blir alt som er radioaktivt fjerna, entenmanuelt eller ved bruk av robotar. Dette avfallet blirundersøkt og sortert etter om det er låg-, mellomellerhøgaktivt. Noko av det lågaktive blir blanda med79

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!