12.07.2015 Views

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kan ein følgje desse utsleppa og finne ut kvar dei harhamna. Og dei ligg ikkje trygt lagra på sjøbotnenog uttynna i havet slik meininga var. Det syner segat store mengder med langliva, menneskeskapteradioisotopar gjennom sjøsprøyt, bølgjeaktivitet ogvind har blitt førde frå sjøen og tilbake til land. Noforureinar dei strender, elvemunningar, innsjøar, luftog vatn over store deler av Storbritannia. Ein finnsmå område på kysten av Irland, Wales og Cumbriasom er sterkt radioaktive og som kan samanliknastmed Tsjernobylsonene. I Irskesjøen er det måltradioaktivitet i fisk og skaldyr. Frå midten av 1990talet vart det påvist plutonium som stammar fråSellafield i tennene til barn over heile Storbritannia.Det er påvist plutonium i sauer i område som ligg opptil ti kilometer frå kysten. Dersom desse partiklanekan forureine sauer må dei også vere ein risiko formenneske. Målingar gjorde på døde menneske synteat slik er det. Største mengder av plutonium fann deii døde frå Cumbria.Plutonium kan altså i dag påvisast i sediment,sjøvatn, luft, jord og i kroppen på menneske og dyrover store deler av Storbritannia. Plutonium er bundetil partiklar som førekjem i størrelsar frå under μm tilstore ”hot” partiklar. Dei minste partiklane oppførerseg som ein gass og er mobile over store område.”Hot” partiklane er påviste i sediment på strendene.Korleis kan dei styrande ha tillate at alt dettehar fått lov til å halde fram, med daglege giftutslepptil Irskesjøen, til folk som lever like ved og til heileplaneten vår?Det nasjonale strålevernet held fast på atall denne påviste radioaktive forureininga ikkje erskadeleg. Dosane folk får i seg er for små. Ein kjemingen veg med å konfrontere dei med den eksplosiveauken av kreft og opphoping av barneleukemii nærleiken av mange atomanlegg. Det blirbortforklara ved bruk av statistikk og argument omaldrande befolkning. Mykje ny forsking hevdar at deter sjølve modellen for å rekne ut stråledosen som erfeil. Når eit menneske får i seg plutonium i form avein ”hot” partikkel vil α-partiklane frå han berre nånabocellene omkring partikkelen. Det vanlege er åfordele energien på massen til heile organet han liggi. Det vil gi ein liten dose, ettersom dose er definertsom motteken energi delt på den råka massen. Menden råka massen er i dette tilfelle mikroskopisk liten.Brukt i same formel ville det gi ein svært stor dose.Dette er eit eksempel på at helseskaden frå indrelågdose stråling ikkje blir rett tolka og handsama avstyresmaktene. Det internasjonale strålevernet ICRPog avtalen mellom WHO og IAEA hindrar at den nyekunnskapen om dette blir teken i bruk.Stopp Sellafield!Kva betyr det? Dei norske aksjonane motutsleppa i Sellafield har vore prega av stor mangelpå kunnskap om kva som går føre seg i Sellafield.Samanhengen mellom MOX-forsking i Norge ogproduksjon av MOX i Sellafield har ikkje vore eittema. Kva kan Norge gjere for å påverke utviklingai Sellafield? Korleis kan det sivile samfunn og NGOanevere med på dette?Kva kan skje i Norge etter ei større ulukke iSellafield? Har vi kriseberedskap til å takle det?Her er fleire spørsmål enn svar.I ei pressemelding trykt i Stavanger Aftenbladi 1999 står det mellom anna: ”Det er et viktig pressvi (Miljøverndepartementet) legger på britiskemyndigheter for å få stengt anlegget der nede(Sellafield), eller i det minste få redusert utsleppaav radioaktivitet. Anlegget står for 90 prosent avutsleppa av det radioaktive stoffet technetium somnår Norskekysten.”Kva meiner dei med dette? Er det THORP sombør stengast? Men dei store Tc-99 utsleppa kjemikkje frå THORP, men frå B 205. Og B-205 bør velikkje stengast før det brukte Magnox-brenselet erferdig gjenvunne. Det ser ut som dei har det sameproblemet med det brukte magnox-brenselet somNorge har med omkring 10 tonn av det bruktebrenselet frå Halden-reaktoren. Det er i ein slikustabil tilstand at det ikkje kan handsamast forlangtidslagring før det har blitt gjenvunne. Detsom bør stansast er alle Magnox-reaktorane somproduserer dette problematiske avfallet, som i si tidvart bygde for å lage atomvåpen. Dei to Magnoxreaktoranesom fekk forlenga levetid i 2010 måstengast. Og kva med alle dei andre radioaktivestoffa? Er det berre Tc-99 som er farleg for Norge?Kva med MOX produksjonen og Norge som støttarden produksjonen gjennom forskinga i Halden? Kandei tru på oss når vi protesterer mot noko vi støttar?Og kva med det farlegaste av alle anlegga i Sellafield,tankane med HAL, skal dei og stengast?Og kva med avfallshandsaminga og lagringa?”Stopp Sellafield” er eit dårleg slagord. Å stoppeSellafield er korkje mogeleg eller ønskjeleg på kortsikt, men vi må stå fast på kravet om at det må blislutt på gjenvinning og produksjon av plutonium ogMOX. Det betyr også at Norge må legge ned MOXforskingaved Halden-reaktoren. Denne forskingastøttar produksjonen av plutonium. Deretter vilnedbygging og demontering, avfallshandsaming,lagring og overvaking måtte overta. Mykje av avfalletsom er i Sellafield-området må lagrast trygt i hundretusenvis av år.Shaune Burnie frå Greenpeace sa det slikpå konferansen vår i Bergen i 2002 då han fekkspørsmål om kva Norge kan gjere for å få slutt på deiradioaktive utsleppa i Sellafield:- ”Det er gjenvinning av brukt brensel som erproblemet, ikkje Tc-99, slik mange i Norge ser ut til åtru. Det er gjenvinninga som må stoppast, og det erdet nordmenn og norske politikarar må halde framå protestere mot.—Meir enn eit dusin radioaktive81

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!