12.07.2015 Views

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

Kvinneblikk på atomenergi - IKFF

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Nye gjenvinningsanleggI 1964 vart det bygd eit nytt anlegg B 205 forå gjenvinne brukt Magnox-brennstoff, ikkje berrefrå dei militære reaktorane, men og frå alle dei sivile.Etter det har ein i Sellafield først og fremst drive medkommersiell gjenvinning. Den dåverande eigarenBNFL presenterte det som ein god måte å handsameatomavfall på og ein måte å tene utanlandsk valutapå.I 1977 arrangerte miljøverndepartementet iEngland ein 100 dagars høyring for å drøfte BNFL sineplanar om å byggje enno eit nytt gjenvinningsanlegg,Thermal Oxide Reprocessing Plant (THORP), somskulle gjenvinne brukt atombrensel frå utanlandskelettvassreaktorar med brenselstavar av uranoksid.Argumenta mot å byggje dette var sterke oggjekk på auka risiko frå rutineutslepp, ulukker,transport og spreiing av bombematerial. Men deiforventa inntektene THORP ville bringe, spesielt fråsamarbeidet med Japan vog tyngre. Anlegget vartbygd og kom i drift i 1996. All dokumentasjonensom vart lagd fram på høyringa, og som sterkt råddefrå bygging, var til inga nytte som så ofte før vedliknande høyringar.Det har blitt skrive ei bok om dette Rationalityand Ritual av Brian Wynne om det absurde i åignorere alle fakta og berre lytte til motargumentafor moro skuld. Det fakta at heile høyringa var eitskodespel vart stadfesta gjennom lekkasjar frådokument som vart frigjorde i åttiåra. Her viser detseg at atomindustrien var einige i Friends of theEarth (FE) sine argument. Det var ingen grunn tilhalde fram med gjenvinning. Det er to hovudpunktå slutte av dette. Gjenvinning vart starta av militæregrunnar og sidan vart det ein vane. For det andre hardet i tida etter blitt nekta å lytte til motargumenta.Shaun Burnie frå FE sa det slik på ein konferanseom Sellafield i Bergen i 2002: ”THORP vart bygdfor å tillate reaktorane i Europa å ”handtere”avfallsproblemet sitt ved å sende det til UK. UtanSellafield og La Hague i Frankrike ville vi ikkje hattså mange atomreaktorar i Europa og Japan i dag.” (4)Situasjonen i dagSellafield inneheld i dag meir enn 1000 anleggog den allsidige aktiviteten består av gjenvinningav brukt atombrensel, glasifisering av atomavfall,lagring av atomavfall, produksjon av sivil og militærplutonium og sivil og militær utarma uran (DU),produksjon av atombrensel, MOX produksjon,urananriking, dekommisjonering og transport. Detblir produsert lite atomstraum der i dag, men eit nyttgasskraftverk skaffar straum til aktiviteten.(5)Sellafield er eit av åtte anlegg i England somhar hatt viktige funksjonar i produksjonen av britiskeatomvåpen. Dei fire viktigaste er AWE Cardiff, AWEBurghfield, Chapelcross i Skotland og Sellafield.Mellom desse stadane er det også i dag ein regulærtransport av fissilt materiale og komponentar tilatomvåpen. Hovudingrediensen plutonium har blittprodusert i Sellafield. For å produsere plutoniumtreng ein to typar anlegg, ein atomreaktor som innei reaktorkjernen omdannar uran U-238 til plutoniumPu-239, og eit gjenvinningsanlegg som i kjemiskeprosessar kan separere plutonium frå uran og fisjonsprodukt i dei brukte uranstavane frå reaktoren. Etter12-18 månader blir atomreaktoren stansa og ¼ avbrenselstavane blir tekne ut. Dei inneheld no einprosent plutonium, 96 prosent utarma uran og resten,tre prosent, er sterkt radioaktive fisjonsprodukt.Uranstavane blir oppdelte i små deler og oppløyst isalpetersyre. Uran og plutonium blir felt ut gjennommange steg der kvart av dei slepp ut flytande, fasteog gassformige radioaktive avfallsstoff. Dette erein gamal og skitten metode som vart utvikla påførtitalet under eit sterkt tidspress for å produseredei første britiske atombombene.Men same metoden, PYREX, blir medsmå endringar brukt også i dag. Etter 1985 hardet ikkje blitt produsert plutonium til våpen igjenvinningsanlegga i Sellafield. Etter at plananeom formeiringsreaktorane (breeder) som skullebruke plutonium som brennstoff ikkje slo til, blirsivilt plutonium brukt til MOX-brensel i ombygdelettvassreaktorar. Men lageret av sivilt plutoniumveks og ved THORP-anlegget er det no på omkring100 tonn. Trass i slutten på den kalde krigenog nedrusting i USA og Russland har UK likevelsatsa på sitt nye strategiske atomrakett-system.Tridentprogrammet og nye våpen til RAF går singang og plutonium kjem som før frå Sellafield.Men ettersom dei ikkje lenger produserer militærplutonium der, kjem våpengrad plutonium no frålager av militært plutonium.(3)THORP, som vart bygd for å gjenvinne utanlandskbrukt atombrensel frå lettvass-reaktorar ogfrå eigne gassreaktorar, starta opp igjen i sluttenav 2007 etter at det hadde vore avstengt i nestento år etter den alvorlege ulukka i 2005. Det er no(februar 2010) stengt igjen for ein lenger periodemed vedlikehald og reparasjonar. Gjenvinning avdei 7000 tonn med brukt atombrensel som var medi kontrakten om å finansiere konstruksjonen avTHORP, skulle vore avslutta i 2003. Situasjonen er noat 3750 tonn ventar på gjenvinning. Når det gjelddet utanlandske brenselet går kontrakten ut på at UKskal returnere både det høgaktive avfallet i fast formog det gjenvunne plutoniumet til landet det kom ifrå. Plutonium skal leverast enten i form av MOX ellerplutoniumoksid.(6)Dei første utsleppa av radioaktive stoffHandsaminga av avfallet frå våpenprogrammetdei første åra var hemmeleg, og store mengder medhøgaktivt avfall vart dumpa rett i sjøen.Då dei daglege utsleppa av radioaktive stoff74

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!