16.07.2013 Views

Tragisk lønnsomhet i konvensjonell kystflåte - Norsk Fiskerinæring

Tragisk lønnsomhet i konvensjonell kystflåte - Norsk Fiskerinæring

Tragisk lønnsomhet i konvensjonell kystflåte - Norsk Fiskerinæring

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Fisk på nynorsk

Hans Morten Sundnes

«Han såg ut på det bårute havet. Der var ruskut å leggja ut på». Ivar Aasen kunne skrive så ein rett gløymde at det var på

ny norsk. Og så var han opptatt av fiskarane. Bjørnson heldt seg mest til bønder.

«Han såg ut på det bårute havet.

Der var ruskut å leggja ut på. Men

der leikade fisk ned i kavet, og den

leiken, den ville han sjå.»

Dette utdraget er som alle veit,

frå nynorskens nasjonalsang,

«Mellom bakkar og berg». Han

som skapte nynorsk, Ivar Aasen,

var jo sunnmøring, og der Bjørnson

og «Ja vi elsker» held seg til

bønder og øksebryning, minner

Aasen oss om at det kan vere vel

verdt å trasse havkreftene for å ta

del i fisket. Ivar Aasen vart fødd for

hundre år sidan i 1813, og denne

kommentaren skriv eg den dagen

Språkstafetten startar opp, Språkåret

får fart og «Mellom bakkar og

berg» blir sunge over heile landet,

jamvel på Dagsrevyen.

Den nynorske vekeavisa «Dag

og Tid» markerer også Språkåret,

og det var vel i det høvet eg fekk

tilbod på nytt abonnement. Eg visste

til dels kva eg gjekk til. Sommaren

1990 var eg vikar hos «Dag og

Tid»; seks veker med stor fridom i

stoffet og valfrie former i ordboka.

Eg skreiv om Liberia, truga fyrlykter,

gløymde skapskattar og om

eit heilt døgn eg gjekk opp og ned

med den nye glasheisen på Oslo

Plaza. «Dag og Tid» har både

mål og meining, men det er litt av

meininga at avisa skal vere utfyllande,

ta tak i tema og fenomen

som kjappis-media fyk forbi. Gjerne

kritisk, gjerne med skråblikk. Sluggersynsaren

Jon Hustad er fast

tilsett. Også hender det dei skriv

om fisk.

Litt ut i frå det siterte verset frå

Nordmannen-sangen og litt fordi

dei trur at fisk er noko ingen andre

tar tak i, er det med ujamne mellomrom

nynorsk fisk i den nynorske

avisa. Det er ganske føreseieleg

— og på same tid litt interessant.

Redaksjonen i Pilestredet har ein

liten radar for fisk. Han står trengt

i hop med dei store radarane for

nynorsk prosa, norsk arkitektur,

maktskiftet i Kina, NRK-kritikk,

Hulda Garborg og ferske sjak kparti

— og dei litt mindre for fiolinsonatar,

Hjalmar Johan sen, tysk debatt

og influensa. Fisken er i godt selskap.

Det mest vanlege er at «Dag

og Tid»-redaksjonen vil berge den

peruanske ansjosen frå norske

oppdrettsuvesen, eller fiskebåtar

av furu under 24 fot frå å bli pressa

på land av havgåande milliardæreigde

stålmonster.

Sunn motstand

Då Hav21 la fram sin rapport,

plinga det i radaren i Pilestredet.

Strategiutvalet Hav21 slutta seg til

vyane om ei femdobling av norsk

lakse- og aureoppdrett innan 2050.

«Og da blir ting vanskelege.

Alt i dag set den norske oppdrettsnæringa

store fotavtrykk i miljøet.

Rømd oppdrettslaks vatnar ut genmaterialet

til villaksen, og lakselus

frå oppdrettsanlegga skader vill

laks og sjøaure. Ikkje minst; det er

allereie vanske leg å skaffe fôr til

"Norsk Fiskerinæring" nr. 1 - 2013

109

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!