16.07.2013 Views

Tragisk lønnsomhet i konvensjonell kystflåte - Norsk Fiskerinæring

Tragisk lønnsomhet i konvensjonell kystflåte - Norsk Fiskerinæring

Tragisk lønnsomhet i konvensjonell kystflåte - Norsk Fiskerinæring

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

112 "Norsk Fiskerinæring" nr. 1 - 2013

Hans Morten Sundnes har vore på mange fiskerikonferansar, men aldri møtt ein

journalist frå dei største landsdekkande avisene. Her er Lisbeth Berg­Hansen

på Sjømatdagene på Hell i januar i år. Heller ikkje der var rikspressa til stades.

(Foto: Thv jr.)

stmannen vi alle går rundt med,

inst inne. Same forfattar stiller sjølv

spørsmål ved kva i alle dagar han

driv på med, men elles ser det ut til

at heile «Dag og Tid»-klanen står

inne for dette, og det er heller ikkje

tilløp til debatt om dette glupske,

fånyttes fisket som lesarane sjølv

har sponsa.

Rett nok er Strøksnes og hans

kamerat flinke på restråstoff —

det var knapt nok kø ved oksen

i graset. Likevel; her har avisa

gjennom så å seie heile tusenåret

skrive kritisk og intenst om korleis

den norske merdlaksen trugar

peruansk ansjos og det som måtte

vere att av tobis og augepål. Men å

bruke eit par litt halvpene eksemplar

av den same merdlaksen som

lokkemat i verdas mest ineffektive

fiske på giftig hai, går greitt.

Grunnen er vel at Strøksnes

ikkje tener pengar på sitt fiske —

litt på same måte som ein ikkje kan

rekne med gamaldags kapi talistisk

omsetning på det gamaldagse

Aasjord-bruket. Går det tilstrekkeleg

dårleg — held du deg blakk

og mislukka, er det vanskeleg å

www.norskfisk.no

bli mål for kritikk. Det er verre med

den moderne, stålsveisa fiskelukka.

Rett så ille går det vel ikkje

for Morten A. Strøksnes. Han får

artikkel på prent, fem gonger på

rad. For ein frilansar snakkar vi då

om stordrift. Reportasjeserien er

og eit ekstremdøme på idealet om

å gi sjømat og all mat ei fortelj ing

attmed. Historia bak er prikken

over i-en, det siste krydder et, det

vesle ekstra som gir fiskestykket på

gaffelen røter og ny dimensjon. Når

«Dag og Tid» fiskar hai, er dette

tatt heilt ut: Fisken dei aldri fekk er

foredla til rein fortjeling, og alle er

nøgde og blakke, om ikkje mette.

Eit anna poeng er at frilansarjournalisten

er kopla fri. Frå alt

anna. Og når «Dag og Tid» bryt

med vanen og tek seg på fiske, har

dei sytt for å kopla seg fullstendig

laus frå næringa og dei keisame

økonomiske trivialitetane der. Det

same er til vanleg heile pressa. Vi

er mange som held oss i boblene

våre, og ein skal vere litt varsam

med å kaste stein når ein sjølv sit

i boble.

Etter at eg hadde intervjua

Forskningsrådets Christina Abildgaard

for FoU-sidene lenger ute i

bladet, slepte ho eit hjartesukk om

sjømatnæringa: Ho er så lite synleg

på andre møteplassar enn dei som

næringa lager til sjølv. Fiskebåteigarar,

havbrukarar, indus tri og

leverandørar og jamvel fiskeripresse

held seg heile tida på heimebane

— til ein plutseleg må svare

i Brennpunkt eller Dagsrevyen og

med eitt kjenner seg langt borte.

Men det er meir underleg i kva

grad det same mønsteret gjeld for

den frie pressa. Eg veit at det har

vore artiklar om fiske og havbruk i

«Dag og Tid» i alle år — som regel

kritiske og prega av avstand til

aktørane. Eg har aldri sett snurten

av ein «Dag og Tid»-journalist

på eit møte, eit seminar eller ein

konferanse som er direkte knytt

til næringa. Heller ikkje då Hav21

blei lagt fram. Eg har aldri sett ein

journalist frå «Dagbladet», VG,

«Aftenposten», «Morgenbladet»,

«Vårt Land», «Nationen» eller

«Dagsavisen» heller. Fleire av

desse — ikkje minst «Dag og Tid»

— har ein uttalt ambisjon om å gå

eigne vegar, gi innsikt i urørde flikar

av verda og eit nytt blikk på alt

som skjer. Dei jamne fiskeri-, industri-

og havbruksskeptiske drypa

minner mest som eit hakk i eigen

plate, eit ekko av NRK eller ein

oppgradert langversjon av «Dagbladet»

sine kortfatta fiskestunts.

Haifisket i desember var eit uventa

unntak, men dersom «Dag og Tid»

eller andre organ nær Pilestredet

vil gå nye vegar, snuse på urørde

verdsflikar, kan eit første steg vere

å møte på North Atlantic Seafood

Forum, Torskefiskkonferansen,

representantskapsmøtet i Fiskebåt,

Sjømatdagene på Hell, LofotFishing,

Krabbekonferansen, årsmøte

i Nordland fylkes Fiskarlag, Aqua

Nor, AquaVision og sjølvsagt

Maring-konferansen. For eigen del

kan det vere eit fint nyårsforsett å

stikke hol på eiga boble og leite

opp fiskestoff i fora og på stader eg

aldri før har tenkt på. Også har eg

lyst til å fiske hai.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!