28.12.2013 Views

Da hadde vært litt kult visst vi hadde snakka strilsk om hondra år”

Da hadde vært litt kult visst vi hadde snakka strilsk om hondra år”

Da hadde vært litt kult visst vi hadde snakka strilsk om hondra år”

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

i mellom-fasen i 2009. Resultata mine viser at livsfaseendring ikkje er noko fenomen å merka

seg i Øygarden. Dei vaksne og eldre gruppene er jamne, og det verkar ikkje som det er noko

mønster for språkleg variasjon som samsvarar med ulike livsfasar. Når ein ikkje kan tala om

det, vil eit alternativ vera å spørja seg om det då er slik at det har skjedd ei språkendring. Det

ein ser i Øygarden, kan vera første fase i ei språkendring. Dei unge har fått eit nytt

talemålsmønster enn det som er omtalt som tradisjonell dialekt. Men ei språkendring vil

femna om noko større enn at berre ungdomane på ein stad ikkje lenger held på det

tradisjonelle talemålet. Det ”nye” språket er nytt for alle i Øygarden. Eg meiner det er legitimt

å kalla det ei begynnande språkendring, fordi det er lite sannsynleg at alle ungdomane vil

endra språket sitt til tradisjonelt strilemål seinare i livet. Likevel er det ikkje sannsynleg at

akkurat det som resultata viser i dag, vert resultatet av den eventuelle språkendringa. Ei

språkendring føregår over lang tid, og det endelege resultatet (om ein i det heile kan snakka

om noko slikt i og med at språket er levande og alltid endrar seg) treng slett ikkje å verta det

ein ser tendensar til i dag. Det er på grunn av at mest truleg vil ikkje tilflyttinga til Øygarden

halda fram å vera så stor som ho har vore dei siste åra, og det vil føra til at språksamfunnet

stabiliserer seg (jf. 6.3.3.2).

6.3.4 Retninga i språkutviklinga

På bakgrunn av dette vil eg no trekkja den slutninga at dei yngre har meir bergenske former

enn dei eldre, og at det i 2009 er fleire bergenske former enn i 1983. For ikkje å trekkja

konklusjonar for tidleg har eg ikkje brukt desse nemningane i resultatpresentasjonen. Men

former som /kastet, kastar, jentn , soln /, som ikkje finst i andre målføre på Vestlandet enn det

bergenske, meiner eg at det er legitimt å kalla for bergensformer. Dette vert yttarlegare

legitimert av kapittel 2 i denne oppgåva. Der viser eg kor stor kontakten med Bergen har vorte

i åra etter 1983. Saman med utviklinga i språket meiner eg at det er eit bevis for at mange av

dei formene eg til no har kalla yngre, faktisk er bergensformer. Andre former kan ein ikkje

seia det same om. Det gjeld til dømes avpalatalisering. Det er eit så utbreitt fenomen etter

kvart at ein kan ikkje utelukkande kalla det for bergensk. Det same gjeld bortfall av

differensiasjon. Dette vil eg framleis kalla yngre former. Ein kan snakka om generell

nivellering, som ofte er eit resultat når dialektar møtest (at formene vert forenkla).

No er det slik at den vidare retninga er vanskeleg å spå. Dei siste åra har det skjedd utruleg

mykje i Øygarden. Spørsmålet er om det vil halda fram å skje like mykje? Det er usannsynleg.

111

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!