28.12.2013 Views

Da hadde vært litt kult visst vi hadde snakka strilsk om hondra år”

Da hadde vært litt kult visst vi hadde snakka strilsk om hondra år”

Da hadde vært litt kult visst vi hadde snakka strilsk om hondra år”

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

(2003:36). Dei skriv at synkron variasjon mellom generasjonar ikkje treng å bety at det skjer

ei språkendring, men at slike mønster gjentek seg i generasjon etter generasjon.

3.4.2.1.1 Tilpassingsteorien

Tilpassingsteorien, eller akkomodasjonsteorien (frå no kalla tilpassingsteorien), handlar om

tilpassing i høve til andre talespråklege varietetar. Ein kan tala om konvergens og divergens.

Konvergens vil seia at språkbrukaren nærmar seg ein annan varietet, medan divergens vil seia

talespråkleg avstand til ein annan varietet. (Akselberg 2003:160.) Etter at Øygarden fekk bru,

har det isolerte samfunnet vorte meir ope. Det har vorte ein del av noko større. I tillegg har det

flytta ein del folk inn, og gjestearbeidarar sette nok også sitt preg på samfunnet mens dei var

der. Denne tilpassingsteorien handlar om variasjon i talemålet avhengig av kven ein snakkar

med. Men dette er trekk som kan ”festa” seg, og ein er då inne på den allereie nemnde

skilnaden mellom variasjon og endring.

Ein talar om tre typar tilpassing. Over kort tid fører det til språkleg variasjon, over lang tid

kan tilpassing føra til språkendring. Røyneland (2005:120) seier det slik at korttidstilpassing

er lågaste nivå, som kan vera ein interaksjonell episode, langtidstilpassing gjeld den einskilde

språkbrukaren, og at eit individ endrar språket. Deretter kan ein tala om språkendring hjå

delar av kollektivet, og då er ein på høgaste nivå, altså samfunnsnivå (jf. mellom andre

Kerswill 1994).

Sosialpsykologen Giles (1973) var den første til å setja namn på nettopp denne teorien

(Trudgill 1986:2). Ein kan endra språket sitt etter kven ein snakkar med, ved å konvergera

mot ein person som ein gjerne vil ha aksept hjå, medan ein kan divergera, snakka meir ulikt,

dersom ein vil halda på avstanden til personen ein talar med. Tilpassingsteorien, slik Giles og

hans medarbeidarar brukte han, søkte å forklara kvifor språkbrukarar modifiserer språket sitt i

den eine eller andre retninga i andre sitt nærvær. (Trudgill 1986:2.) Dette er eit

grunnleggjande trekk ved tilpassingsteorien, at ein ser på språkleg åtferd som ein refleks. Det

er basert på språkbrukaren sitt ønske om, som nemnt, identifikasjon eller distanse til andre

menneske. (Mæhlum 2003:112.) Giles ser hovudsakleg på konvergens og divergens i kontakt

over kort tid og langs ein akse mellom høg og låg prestisje. Men frå eit lingvistisk perspektiv,

seier Trudgill (1986:3), er det klart at tilpassing òg kan føregå mellom språk som regionalt

eller sosialt skil seg frå kvarandre, og over lang tid. Langtidstilpassing er meir interessant for

ein lingvist enn korttidstilpassing, for som eg nemnde over, så er det langtidstilpassing som

kan føra til språkendring.

30

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!