11.01.2013 Views

Leder - Fortid

Leder - Fortid

Leder - Fortid

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Krise i aust, krise i vest?

Den demografiske krisa 17 1- i ljos av ei lite nytta kjelde

Av Lars Rottem Krangnes

Amtmann Tønder retta orda sine til oversekretæren i Danske

Kanselli, grev Johan Ludvig Holstein, som ein del av svaret

på ei spørjegransking Tønder fekk på skrivebordet våren året

før. Fylgjebrevet var dagsett 13. april 1743, og gjorde greie for

ei spørjeliste med 43 spørsmål om geografiske, økonomiske

, historiske og kulturelle forhold. ”De slette og ufrugtbare

aaringer” i Tønders svar er dei agrare uåra i Noreg tidleg i 1740åra,

med kalde vêrforhold og sviktande avlingar. I dei same

åra vart det óg rapportert om kraftige epidemiar. Dødsrata

steig dramatisk, og kom opp i det dobbelte av fødselsrata. 2 Ei

demografisk krise oppstod i Noreg.

Tønder var slett ikkje den einaste norske embetsmannen som

fekk brev frå grev Holstein. Også dei 11 andre amtmennene

og stiftamtmennene 3 hadde fått brevet, og sende som

Tønder spørjelista vidare nedover i embetssystemet. Som

samtidsskildring vert svara ei unik kjelde for drøftingar av

lokale og regionale utslag av den demografiske krisa.

”Dei ” som kjelde

Det er utan tvil ei rad problemstillingar ei statistisk utnytting

av svarmaterialet til dei 43 spørsmåla kan ljossetja. Mogleiken

til å studera utslaga på lokalt nivå set oss i stand til å seia

noko om krisa råka samstundes og likt i to så nærings- og

folkesetnadsmessig ulike område som det jordrike, sentrale

Austlandet (Akershus og Østfold) og den karrigare kysten frå

Sør-Trøndelag til Hordaland. Variasjonar mellom prestegjeld i

same område vil også kunna sporast. Historikaren Ole Georg

Moseng (2003) skriv at medan ”krisen [i 1773] stort sett var

knyttet til Østlandet, var den enda mer alvorlige demografiske

krisen i 1741-42 landsomfattende”. 4 Som eg kjem tilbake til,

meiner eg at dette er ei sanning med modifikasjonar, og at svara

embetsmennene sende inn til dei 43 spørsmåla viser dette. Det

er spesielt prestanes opplysingar i svarmaterialet om talet på

fødde og døde eg meiner kan brukast til å argumentera for dette

synet.

Historikaren Kåre Lunden skreiv i 2002 at ”i særlege

kriseperiodar som 1740- og 1770-åra reknar ein med samspel

mellom desse to hovudårsakene [misvekst som fører til hunger

på den eine sida og epidemiar på den andre]”. 5 Dette samspelet

er lite problematisert i nyare litteratur om krisa. Avskrivinga av

svolt som hovudårsak kan sjå ut til å ha fjerna interessen frå til

dømes ei drøfting om ulikt tilgjenge på andre matressursar enn

korn kan ha hatt noko å seia for variasjonar mellom landsdelar

i graden av krise. Sitatet frå amtmann Tønder viser at samtida

var merksam på skilje i mattilgjenget. Sidan både korndyrking

artikler

Dette Fogderie haver nu i nogle aar hafft af Havet eet rigt Spiisekammer, hvilcket Herren vunderbarlig hafde

aabnet, da de slette og ufrugtbare Aaringer pa astod, 1 skreiv amtmann Christian Ulrik Tønder i Romsdal

seinhaustes 1744. Kan orda til amtmann Tønder, saman med andre spor frå kjelda dei er henta frå, skipla

biletet av den demografiske krisa 1741-43 som landsomfemnande?

og fiske var mellom emna i spørjegranskinga frå 1743, gjer

svartilfanget det relativt enkelt å sjå etter samanhengar mellom

mattilgjenge og dødelegheit heilt ned på lokalt nivå. Såleis kan

det også vera med på å stadfesta eller modifisera biletet i nyare

forsking av epidemiar som hovudårsak til den demografiske

krisa på 1740-talet.

I den samanheng er det naturleg å også koma inn på korleis

embetsmennene i samtida forklarte og skildra krisa. I kor

stor grad dei faktisk nemner henne i det heile vil kunna vera

grunnlag for interessante drøftingar om regionale og lokale

skilnader. I avsnitta under brukar eg ”Dei 43” som nemning på

det svarmaterialet som er bevart.

Uviljuge ”kyndige og erfarne Mænd”?

Svara på spørjegranskinga amtmennene i Noreg fekk tilsend

våren 1743 vart to tiår seinare grunnlag for Erik Johan

Jessen-Schardebøls bok I Det Kongerike Norge fremstillet efter

dets naturlige og borgerlige Tilstand. Vest-Europa var inne i

opplysingstida, prega av høg aktivitet innan filosofi, vitskap og

kunst, utanfor Norden også av maktkritiske ytringar. I Noreg

fekk opplysingstida særleg utslag i framveksten av topografisk

litteratur 6 , historiske verk og omsetjingar av mellomalderskrifter.

7 Det er i det tidsbiletet vi må sjå utsendinga av spørjelista til

dei norske embetsmennene8 - bakgrunnen var eit initiativ til å

laga ei fullstendig skildring av danskekongens land og rike.

Jessen-Schardebøl var sekretær ved Danske Kanselli i

København på 1740-talet, og etter eiga utsegn ei drivande kraft

bak prosjektet. 9 Men brevet embetsmennene i Noreg fekk var

underskrive av oversekretær, grev Johan Ludvig Holstein, og

den offisielle avsendaren var Kanselliet som institusjon. 10 Trass

i at det heitte i brevet at amtmennene kunne få hjelp frå ”andre

habile […] kyndige og erfarne Mænd” stod det også klårt at

svara skulle vera ”sammenskrevne”, og at ”De [amtmannen]

jo før jo heller” skulle ”lade forfatte, en ganske udførlig, og

heller vidløftig end kort beskrivelse og efterretning”. 11 Særleg

det siste vart fylgd opp i liten grad. Svarprosenten varierte,

og svara amtmennene fekk frå fogdar, sorenskrivarar, prestar,

borgarmeistrar og rådmenn vart ”sammenskrevne” berre

i Akershus stiftamt, Lister og Mandals amt og Stavanger

amt. Dette var truleg medverkande til at skildringa som vart

gjeve ut av Jessen-Schardebøl 20 år seinare vart langt mindre

omfemnande enn planlagd. Ei fullstendig skildring av kongens

land og rike kom aldri. 12

121

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!