11.01.2013 Views

Leder - Fortid

Leder - Fortid

Leder - Fortid

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

med kvarandre ved å finna talet på døde per fødde i prestegjelda

og i områda som heilskap. Utviklinga i talet på fødde åleine kan

også vera med på å spora kriser.

Austleg visse og vestleg uvisse

Alt ved å sjå på talet på døde i høve til fødde i 1740 åleine finn

ein klåre skilnader på vestlandskysten og Austlandet. Sjølv om

tabellane 1 og 2 viser at dei utvalde prestegjelda i begge områda

hadde eit gjennomsnitt på 1,1 døde per fødde i 1740, er dei

indre variasjonane langt større i vest. Førde i Sogn og Fjordane

og Stadsbygd i Sør-Trøndelag har relativt normale tal med

høvesvis 0,6 og 0,5 døde per fødde, ei normaltilstand i ei ustabil

samtid. I andre enden av skalaen ligg Ørskog på Sunnmøre med

dobbelt så mange døde som fødde. I Ørskog var det altså teikn

til demografisk krise. På Austlandet ligg same året dei fleste

prestegjelda i balanse. Det er verdt å hugsa at ”balanse” mellom

talet på fødde og talet på døde tyder på relativt langt fleire

dødsfall enn gjennomsnittet, som særleg i Akershus stift var eit

tydeleg fødselsoverskot.

Den viktigaste skilnaden mellom aust og vest kjem likevel

ikkje fram før med tala frå 1741. Framleis held Austlandet og

vestlandskysten rimeleg godt fylgje i gjennomsnitt – tala på

døde per fødde stig til høvesvis 1,4 og 1,5 – og ei demografisk

krise er utan tvil i ferd med å inntreffa i Sør-Noreg sett under

eitt. Og på prestegjeldsnivå er tala for Austlandet ganske

eintydige. Med unntak av Moss, som mest ligg i jamvekt,

har alle prestegjelda overskot av døde. Kraftigast er stiginga

i Aker og Gjerdrum, og utslaget størst i Nes i Akershus,

der det er dobbelt så mange døde som fødde. 38 Det sentrale

austlandsområdet under eitt er inne i ei klår demografisk

krise. På Vestlandet er biletet mykje meir nyansert. Seks av 15

prestegjeld har fødselsoverskot i 1741, og tala sprikar meir enn

i aust. Førde sprengjer skalaen med 4,6 døde per fødde, i hine

enden ligg Stadsbygd med dobbelt så mange fødde som døde.

Dette tyder på at det enno i 1741 ikkje var nokon allmenn

demografisk krise langs kysten i vest.

Tala peikar ut 1742 som det store kriseåret på Austlandet.

Gjennomsnittet på døde per fødde i dei utvalde prestegjelda fyk

opp i 4,7 – og med eitt unntak 39 ligg ingen prestegjeld under

3,3 døde per fødde. 40 På Vestlandet er biletet det stikk motsette

– i gjennomsnitt er krisa her på veg tilbake, med 1,2 døde per

fødde. Fleire prestegjeld er tilbake på fødselsoverskot, dels som i

normalår. Samstundes er det no krisa inntreff i Stadsbygd (2,9),

og i sunnmørsgjelda Vanylven og Ørskog går tala opp etter

nedgang året før. Igjen er biletet mykje meir mangfaldig i vest

enn i aust.

Det er få tal frå 1743 i materialet. Dei som finst frå Austlandet

peikar igjen i retning av innbyrdes jamn utvikling; Asker,

Skedsmo og Sørum får alle fødselsoverskot etter store underskot

i 1742, fødselsunderskotet i Ås vert kraftig redusert og hallar

mot jamvekt. Frå Vestlandet finst berre tal frå to prestegjeld, og

dei sprikar. Med ei viss varsemd kan ein også sjå etter tendensar

i talet på fødde åleine. Uår og epidemiar vil gjerne få utslag i

nedsett fruktbarheit både på grunn av dårleg kosthald, dårleg

helsetilstand og utsette ekteskap.

Om ein set 1740 som basisår er det teikn til nedgang i seks

av 12 prestegjeld på Austlandet året etter. 41 I 1742 er imedan

biletet heilt eintydig, med kraftig nedgang i talet på fødde i

13 av 14 prestegjeld med opplysingar for dette året, i tillegg

til at Nannestad opprettheld eit lågare nivå enn i utgangsåret.

Dette forsterkar biletet av ei meir allmenn og tydeleg krise på

Austlandet, byrjande i 1740, forsterka i 1741 og med ein høg

topp i 1742. Også her er materialet for Vestlandet ulikt det

frå austlandet. Med unntak for Førde er ikkje utslaga frå 1740

til 1741 spesielt store. 42 1742-tala sprikar i dei 15 prestegjelda,

men stadfester likevel inntrykket frå jamføringa mellom talet

på døde og fødde – at kriseåret på Vestlandet i hovudsak var

1741. Det er ein svak oppgang i det totale talet på fødslar frå

1741 til 1742, og ein er tilbake om lag ved 1740-stoda. Men

totalinntrykket er såpass mangfaldig at ein skal vera varsam

med å tala om vestlandskysten under eitt.

artikler

Ikkje éi, men to kriser!

Tala i tabellane 1 og 2 fortel alt i alt om ei byrjande demografisk

krise både langs vestlandskysten og på det sentrale Austlandet

i 1740, ei krise som vart forsterka i begge områda sette under

eitt i 1741. 1742-tala viser tvert i mot ei heilt ulik utvikling på

Vestlandet, der krisa totalt var på veg tilbake, og Austlandet,

der ho kom for fullt. Bryt ein tala ned på prestegjeld vert

vest og aust endå meir ulike – med aust som indre eintydig

og vest som sprikande. I Vanylven og Ørskog svingte tala frå

fødselsunderskot til overskot og nytt underskot. Også somme

prestegjeld i vest vart hardast råka i 1742, men til dømes

Haram og Roaldkvam fekk relativt høgt fødselsoverskot.

Innvik i Sogn og Fjordane hadde fødselsoverskot gjennom alle

tre åra 1740-42, medan Norddal på Sunnmøre hadde si ”eiga”

demografiske krise i 1740. Desse tala er eit viktig supplement

til biletet Moseng teiknar (2003: 88) av 1741-42-krisa som

landsomfemnande.

Tala viser også at Akershus og Østfold fekk ei mykje hardare

demografisk krise enn vestlandskysten. I utvalet er berre Førde,

med 4,6 døde per fødde i 1741, på 1742-gjennomsnittet til austlandsprestegjelda.

I arbeid med Dei 43 som med bispelistene må

det utøvast kjeldekritikk. Feilkjeldene til fødsels- og dødstala

vert likevel få – vi har med fyrstehands opplysingar å gjera.

Prestane sjølve førde kyrkjebøkene og laga statistikk, prestane

svara på dei 43 spørsmåla. Året 1740 som utgangsår er vald

fordi krisa i den føreliggjande litteraturen er datert til 1741-42,

og også fordi dei fleste prestane ikkje går lenger tilbake i Dei 43.

Det kan sjølvsagd setjast spørjeteikn ved 1740 som ”normalår”.

Der prestane oppgjev tal frå 1730-talet 43 skil imedan ikkje 1740

seg nemneverdig ut frå åra før.

Å telja det som ei kan teljast

Det er ikkje openbert at det er mogleg å laga statistikk på

korleis krisa er skildra i Dei 43. Eg har likevel freista å dela

inn dei 30 prestegjeldsskildringane etter om prestane skildrar

overdødelegheit utan å freista forklara det eller på andre stader

i svaret særskild nemner fenomen som kan forklara det –

eller om dei nemner overdødelegheit og anten direkte eller

indirekte knyter fenomenet til svolt, dårleg kosthald, epidemiar

eller kombinasjonar av dette. Eg har vald å definera det at

både overdødelegheit og hunger og/eller større epidemiar vert

nemnde, inn i den siste kategorien også om fenomena ikkje

direkte er sette i samanheng i svaret frå prestegjeldet. I slike

høve er det brukt klammer ([…]) i tabellen. 44

12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!