11.01.2013 Views

Leder - Fortid

Leder - Fortid

Leder - Fortid

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

fortid nr / 2005

6

Mannslagaren Olav Garvik

– Ei drapssak frå Seljord

På garden Garvik i Seljord i Øvre Telemark levde det på 1600-talet ein mann som heitte Olav Garvik. Den

2. juli 1684 var han i gjestebod på garden Øverland på Seljordsheii. I dette gjestebodet drap han Torgrim

Svartdal. To og eit halvt år etter drapet, i desember 1686, blei Olav Garvik, eller Mannslagaren som han blei

heitande, avretta på Tremerrhaugen utanfor Seljord kyrkje.

Av Sara Telnes Fjågesund

Det som er spesielt med denne drapssaka, er at ein både har

referat frå rettssaka og munnlege kjelder som har blitt skrivne

ned. Eg vil i denne artikkelen samanlikne rettsdokumenta

og sogene for å sjå korleis den munnlege tradisjonen har

utvikla seg. Kva har blitt lagt til i sogene, og kvifor? Korleis

var dei rettslege og lovlege forholda på 1600-talet i Øvre

Telemark, og kva har dette hatt å seie for sogetradisjonen?

Artikkelen byggjer for det meste på nedskrivne soger og på

rettsdokumenta frå rettssaka mot Olav Garvik. Halvor Nordbø

si doktoravhandling, Ættesogor frå Telemark (1928), har vore

nyttig for å finne ut meir om det empiriske materialet.

I samband med å setta perioden for drapet inn i ein historisk

kontekst, har eg bruka ein del litteratur som rettar seg mot dei

rettslege forholda i Telemark rundt 1600-talet. Jørn Sandnes si

bok Kniven, ølet og æren (1990) er den mest sentrale her. Aspekt

som har vore interessante for meg i den samanhengen er kva

for rolle æra har spela for kriminaliteten, og særleg korleis Øvre

Telemark merkar seg ut i statistikkane over drap og vald.

På folkemunne

Dei eldste kjeldene eg har bruka er Futereknskapet for Telemark

1686 II og Tingbok 14 for Øvre Telemarken Østafjells. Begge

desse er frå 1686, like etter rettssaka mot Olav Garvik. Dei to

dokumenta er så like at det kan vera mistanke om at det eine er

avskrift av det andre. Men det faktum at det finst to offentlege

dokument frå same tida som stadfester det same innhaldet tyder

på at det er pålitelege kjelder.

Sogene om Mannslagaren som har levd på folkemunne opp

gjennom tidene er og svært viktige kjelder. Desse har overlevd

i den munnlege tradisjonen i området kring Seljord, men blei

fyrst nedskrivne på slutten av 1800-talet. Ein kan ikkje rekne

dei som like pålitelege som rettsdokumenta, men dei har ei

anna vinkling på drapet enn det øvrigheita har, og det er

interessant.

Sogene gjev ein annan versjon av drapet enn det

rettsdokumenta gjev. Det tyder på at sogene har blitt til

uavhengig av tingboka og futereknskapet. Sogeseiarane har altså

truleg ikkje kjent til desse dokumenta. Likevel er sogene svært

interessante fordi dei kan seie oss noko om korleis folk tenkte og

handla, og ikkje minst om korleis eit lite lokalsamfunn klarte

å avfinne seg med ei slik opprivande hending som eit drap.

Det finnest mange versjonar av soga om Mannslagaren. Eg har

tatt med ein del av dei i denne framstillinga, men har valt å

konsentrere meg mest om to av sogene. Desse meiner eg er dei

mest utbygde, og mange av dei andre sogene bygger på det same

innhaldet.

Den eldste av desse to nedskriftene er Halvor Tvedten

(1834-1902) sin tekst ”Olaf Mandslager” frå boka Sagn fra

Telemarken utgjeven i 1891. Tvedten var frå Bø, og var ein

evnerik og vel omtykt mann i heimbygda. Han var aktiv i

kommunepolitikken, var ordførar, varamann til Stortinget,

bygde amtskule på garden sin og var handelsmann. Etter gruvespekulasjonar

kom han i ugreie med Sparebanken, og

mista alle eigendomane sine. 1 På slutten av livet sitt samla

han oldsaker og segner frå nærmiljøet, og fekk eit lite stipend

frå Universitetet i Oslo for dette. Ein nær ven av han var

Moltke Moe, som for øvrig har skrive forordet i boka Sagn fra

Telemarken. Boka blei altså utgjeven i 1891 og er den eldste

publiserte nedskrifta eg har funne. Soga er nøkternt nedskrive,

og det er ikkje referert til noko kjelde. Sidan Tvedten kom frå

Bø, er det sannsynleg at han har høyrt soga mange gonger,

kanskje av forskjellige personar, og har difor ikkje oppgjeve

noko kjelde.

Lavrants Torkjellsson Rui (1875-1957) skreiv ned den

mest utbroderte forma av Mannslagar-soga. Rui var lærar i

Seljord. Han var interessert i tradisjonsstoff og hadde eit stort

kontaktnett. I ein periode var han ordførar i Seljord og aktiv i

kommunepolitikken. 2

Kjelda som Rui bruka for sin versjon av soga var Olav

Tjønnstaul frå Seljordshei. Han var barnebarnet til Anne Goli,

og hadde nok høyrt soga av henne. Anne Goli kunne svært

mykje gamalt segnmateriale, og Landstad brukte henne mykje

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!