11.01.2013 Views

Leder - Fortid

Leder - Fortid

Leder - Fortid

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

fortid nr / 2005

8

Det blei altså ein voldsom krangel som enda med slagsmål, der

Olav til slutt stakk Torgrim i bringa med ein kniv. I versjonen

til Olav Nordbø står det at guten som blei drepen kravde Olav

Garvik for ei hestegjeld, og at dette var grunnen til drapet.

Sogene skil seg svært mykje frå referatet av rettssaka, som seier

at det ikkje var nokon krangel i det heile tatt. Det er også verdt

å merke seg at i rettsdokumenta er det ikkje snakk om ein

hestehandel, men ein kjelehandel. Grunnen til dette kan vera at

det virkar meir ærefullt å krangle om ein hest enn om ein kjele.

I Rui sin versjon av soga får me høyre om knivane til Olav

Garvik. Den ein heitte ”Rodd” ogvar ein mordarkniv. Det

hadde blitt drepe tre personar med han, og ein av dei var ein

prest. Den andre kniven heitte ”Mutulen” og var ein brukskniv.

Olav tok aldri med seg ”Rodd” i gjestebod, heller ikkje denne

gongen. Då han fekk høyre at Torgrim hadde lånt båten hans

til kyrkje den dagen, blei han sinna, og oppdaga at ”Mutulen”

var borte. ”Seinare fann dei’n att [kniven]: han stod køyrd i

kav i ein hard askestuve. Det va nok ’kje gjort av mannemagt,

det”. 13 Olav reiser då heim att og hentar ”Rodd”. Endå ein gong

dukkar lagnadsmotivet opp. Det er dei overnaturlege kreftene

som bestemmer, ikkje Olav.

Sogene går føre seg over eit lengre tidsrom, og fortel meir

enn det rettssaka gjer. Dét har me jo alt sett med omsyn til

måten drapet skjedde på. Kva som hende mellom drapet

og rettssaka fortel ikkje rettsdokumenta noko om. Sogene

fortel at Olav Garvik fyrst gøymde seg i ei ur på Gåsdalen.

”Frå Gåsdalen flutte han no heilt på Borkfjell (Brokfjell), eit

villt og audt fjelldrag vestyvi mot Kviteseid. Han heldt til i

Mannslagarnuten, og bygde seg upp ei liti hytte og eit lite

høysel på Mannslagarroe”. 14

Desse stadnamna er ikkje noko som sogene har funne opp. På

Gåsdalen er det eit hol som framleis heiter Mannslagarhølet,

og på Brokefjell ligg Mannslagarnuten og Mannslagarroe. Ein

skulle tru at dette var sikre prov på at det sogene fortalde, om

at Mannslagaren gøymde seg her var sant, men så enkelt er det

ikkje. ”Mannslagar” var nemleg eit namn som mordarar fekk,

og Olav Garvik var ikkje den einaste mannslagaren i Seljord.

Eit døme på dette har ein frå byrjinga av 1600-talet. Då levde

ein mann som heitte Aanund Gangsei frå Vegårdshei. Han

tok livet av ein mann og heldt seg skjult i Skrikedalen eller

ved Brokefjell. 15 På Øvsttveiten på Seljordshei fekk dei besøk

av ein ukjend mann kvar joleftan sju år på rad, og det er

spekulert i om dette kan ha vore Aanund Gangsei.16 Han skal

også ha rissa inn over sytti krossar i ei gran i området der han

heldt til. Det same høyrer me om Olav Garvik, bare at han

rissa inn sju krossar. Ein kan såleis ikkje vera sikker på kven

Mannslagarnuten og Mannslagarroe er oppkalla etter, og heller

ikkje bruke det som prov på at Olav Garvik gøymde seg her.

Når det gjeld Mannslagarhølet på Gåsdalen er det nok meir

sannsynleg at dét er oppkalla etter Olav Garvik. Me veit jo at

det var to år mellom drapet og rettssaka, og i desse to åra er

det ikkje umogleg at han kan ha gøymt seg i Mannslagarholet.

Sogene seier likevel at Olav Garvik gøymde seg inne på

Seljordshei i nærmare sju år:

Men so ein dag kom det 5 skjerar fljugande og sette seg på

dynnestokken til å skrike so fælt. Olav ha’ kje sett skjerar på

Mannslagarroe sidan han kom dit, og no var det sjuande åre han va

der. ”Å hjartevene, far, no kjem det folk og tek deg”, sa dottri. ”Høyr

skjeran! – lat konn flytja av ein annan stad, for no hev du bare tri

dagar att”, bad ho. 17

Olav Garvik hadde vore fredlaus i nesten 7 år, og hadde bare

nokre få dagar att før han var fri. Likevel flykta han ikkje sjølv

om han visste at nokon var etter han. Olav Garvik ville istaden

gjera opp for det han hadde gjort.

Sogene sluttar også forskjellig. Tvedten, Reynolds og Berge

fortel at Olav Garvik døydde i arresten fordi han ikkje tålte

forandringa av ordentleg mat og husrom. Olav Nordbø avsluttar

med at han blei fanga, men nemner ikkje dødsårsak. Rui fortel

at han blei halshoggen på Tremerrhaugen ved Seljord kyrkje.

Det siste stemmer med referatet frå rettsaka.

Ære og feide

Æra var viktig for bøndene i Øvre Telemark på 1600-talet.

I rettsdokumenta frå rettssaka mot Olav Garvik ser ein at

æresaspektet blir avvist. Futen bryr seg ikkje om at faren til

den drepte hadde lurt Olav Garvik i ein kjelehandel eller at

den drepte hadde lånt båten hans i lengre tid utan å levere han

tilbake. Garvikgardane ligg midt på Seljordsstrondi, og på

1600-talet var det ikkje ordentleg veg til Seljord eller Bø. Ein

var difor avhengig av å bruke vatnet, og båten var det mest

bruka framkomstmiddelet når det ikkje låg is på vatnet.

Futen klarte tydlegvis ikkje å setta seg inn i Olav Garvik sin

situasjon. I sogene blir dette framstilt på ein annan måte. Dei

fordømmer ikkje så sterkt måten Olav reagerte mot Torgrim

Svartdal på, og det blir lagt meir vekt på at det er eit æresdrap.

Olav blei rekna for å vera ein bra og populær mann. Det ser me

ved at han blir sendt bod etter tre gonger då han ikkje kom i

gjestebodet på Øverland. Det kjem også fram at Olav heldt det

han lova. ”For Olav var ’kje noko vind-i-grind, han; han va kje

tvirådig den guten. Ha’ han lova noko, so va’ det som det va’

stempla”. 18 Olav Garvik blir altså framstilt som ein mann med

ære i sogene.

I sogene blir også eit anna æresaspekt framheva. Det blir

lagt vekt på at Olav Garvik gjev frå seg fridomen frivillig.

Skjerane varsla om det som skulle skje og han kunne ha rømt,

men valde likevel å akseptere straffa. Han gjev eit liv for eit

liv, noko som er i tråd med æreskodeksar frå tidlegare tider.

Denne løysinga kunne lokalsamfunnet leve med, og det retta

opp att i harmonien. Det offentlege rettssystemet hadde andre

rettsprinsipp enn lokalsamfunnet og dømde Olav Garvik til

døden.

Fogden da paastod, at udaf ind førte prof noch som erfaris, denne

Ole Garvigh begangne gierning, for et saa høyt som strafverdigt

Nidingsverch bør andseis, hvorefter Meene, hand efter Norgis lov sit

liv bør haffve forbrut, hofvedet paa en stage settis, hans høyre haand

afhugges, och under hofvedet fast naglis, andre slige u-betenchsomme

till afskye om een forsvarlig som retmessig kiendelse afvarter. 19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!